Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein enquete om ytringsfridom

Ein enquete er eit intervju der same spørsmål blir stilt til fleire personar. Denne forma for intervju blir brukt både i aviser, radio og TV. Ofte er formålet å formidle informasjon om kva vanlege folk meiner om eit bestemt spørsmål.

Du jobbar som journalist i ei lokalavis, og du har fått i oppdrag å lage ein enquete om ytringsfridom. Enqueten skal filmast med mobiltelefon eller videokamera, og han skal publiserast både på nettsida og på Facebook-sida til lokalavisa. Enqueten skal bestå av to opne spørsmål om ytringsfridom, og du skal intervjue fire ulike personar. Du skal altså stille dei same to spørsmåla til alle dei fire intervjuobjekta dine.

Mann med ein glidelås framfor munnen. Bilete.
  1. Start med å gjere research på temaet ytringsfridom.
  2. Korleis førebu og gjennomføre intervju til en enquete? Les gjennom relatert artikkel.
  3. Formuler to opne spørsmål du skal stille til intervjuobjekta dine.
  4. Finn relevante og gode intervjuobjekt, og start intervjua. Det er bra om du klarer å finne intervjuobjekt som gir deg varierte og ulike svar.
  5. Du kan filme intervjua med mobiltelefon eller videokamera, bruk mikrofon om du har tilgang på det. Ver bevisst på lyd- og lysforhold.
  6. Hugs: Du jobbar som journalist, og saka skal vere basert på verkelege menneske med reelle synspunkt og svar.
  7. Til slutt redigerer du saka og gjer ho klar for publisering.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2019

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag