Oppgåve: Arbeidsoppdrag

Kjøt tillagingsmetodar - temaoppgåve

Publisert: 02.01.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Målet med denne oppgåva er at du skal:

  • vise at du kan velje rett kjøtprodukt til forskjellige tillagingsmetodar
  • vite kva som skjer med kjøtet ved bruk av forskjellig tillagingsmetodar
    • smak
    • møyrheit

Rå kjøttvarer
Informasjon til oppgåvene

De må planleggje oppgåvene slik at de kan jobbe med både den teoretiske og den praktiske oppgåva samtidig. Det er sett av ei undervisningsøkt på 7 timar til oppgåvene. De skal levere svaret etter avtale med læraren.

Teoretisk oppgåve

Slakterdisk

 

Frå kva for dyr og kva del eller muskel på dyret vil de velje kjøt for å lage til desse rettene?

 

  • Lapskaus
  • Fårikål
  • Biff
  • Pinnekjøt
  • Ribbe
  • Spekeskinke
  • Fenalår
  • Medisterpølse
  • Karbonadar
  • Biff tartar

De skal skrive opp kva for tillagingsmetode de vil bruke når de skal lage desse rettene. Grunngi svaret! Lag eit oversiktleg svar, for eksempel i ein tabell.


 

 

Praktisk oppgåve:

Kokk smaker på matrett 

Klassen deles inn i gruppar på 3 eller 4.

 

Etter avtale med læreren skal alle rettane serveres til prøvesmaking.

  • Kvar gruppe skal skrive ein rapport om korleis dei opplever møyrheit og smak på kjøtet. Det skal leverast ein rapport frå kvar gruppe
  • Som oppsummering av undervisningsøkten skal hver gruppe presentere en konklusjon etter smaksprøvene.
  • Det er viktig at de får fram korleis de opplever møyrheita og smaken på kjøtet.

 

Annen info:

Gruppe 1 lagar brun saus.
Gruppe 2 kokar poteter.
Gruppe 3 kokar gulrøtter.
Gruppe 4 dekkjer borda.

 

Mengder og tidspunkt for måltidet er etter avtale med læraren.

 

Gruppe 1

De får utlevert 600 g bankekjøt.

  • 200 g skal steikjast som ein biff i panna.
  • 200 g skal brunast og kokast i buljong i 30 minutt.
  • 200 g skal brunast og kokst i buljong i 1,5 timar.er.

 

Gruppe 2

De får utlevert 2 stk. skinkesteik à 1 kg.

  • Den eine skal bindast opp, brunast og steikjast i omnen på 180 grader i 1,5 timar.
  • Den andre skal bindast opp, brunast og braiserast i omnen på 120 grader i 2,5 timar.

 

Gruppe 3

De får utlevert 600 g mørbrad av storfe.
  • 200 g skal leggjast i kald panne med smør og steikjast medium steikt.
  • 200 g skal leggjast i god og varme panne med smør og steikjast medium steikt.
  • 200 g brunast raskt på begge sider i ei varm panne og deretter kokast i 5 minutt i buljong.

 

Gruppe 4

De får utlevert 500 g karbonadedeig, 500 g kjøtdeig og 500 g medisterdeig.

  • De skal lage karbonadar av kjøtdeigen.
  • De skal lage karbonadar av karbonadedeigen.
  • De skal lage «karbonadar» av medisterdeigen.

Det er viktig at de bruker den same oppskrifta til alle dei forskjellige deigane

 

Oppgåver

Aktuelt stoff