Hopp til innhald

Fagstoff

Jernbanenettet og korleis det heile starta

Damplokomotivet blei oppfunne lenge før bilen. Derfor blei det bygd jernbanar i stor skala over heile Europa. Her lærer du litt om starten på den norske jernbaneutbygginga og at jernbanetransport også i dag er eit effektivt transportmiddel.
Festpyntet folkemengde, portal med vaiende flagg over togskinner, stasjonsbygninger og tog.  Avistegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Portrett av Robert Stephenson.tegning.

Historie

I 1823 laga Robert Stephenson verdas første lokomotiv. Han var då 23 år. 23 år seinare reiste han til Noreg for å bidra under utbygginga av vår første jernbane – hovudbanen frå Christiania til Eidsvoll. Arbeidet med banen starta i 1851 og han stod ferdig i 1854.

På denne tida var jernbanen einerådande som landbasert transportmiddel over lange avstandar. Verken bilen eller flyet var funne opp. Jernbanar blei derfor bygde ut i stor skala over heile Europa.

Hovudstrekninga

Vi kan beskrive utbygginga av hovudstrekningar i Noreg slik:

Strekning

Start

Slutt

Bergensbanen frå Oslo til Bergen

1883

1909

Dovrebanen frå Oslo til Trondheim

1851

1921

Sørlandsbanen frå Oslo til Stavanger

1872

1944

Nordlandsbanen frå Trondheim til Bodø

1881

1962

Sidespor

Undervegs blei det bygd sidespor til byar og tettstader langs hovudstrekningane. Mange av desse er lagde ned i dag. Andre har framleis livets rett.

Ofotbanen

Ofotbanen er ein malmbane mellom Narvik og Luleå. Narvik blei skapt på grunn av banen rundt år 1900. Ei kort tid blei byen døypt om til Viktoriahavn for å skape goodwill hos det engelske kongehuset. Byen trong pengar for å finansiere banen, og søknad om pengar blei send til dronning Victoria. Målt i transportert mengd gods (tonnasje), fraktar Ofotbanen i dag meir gods enn resten av det norske jernbanenettet til saman. I tillegg er banen under oppgradering for å kunne frakte endå meir malm.

Vår tid

Vi har òg fått nye jernbanar i moderne tid. Flytoget blei opna i 1998. For tida byggjer Jernbaneverket dobbeltspor rundt Oslo for å oppgradere kollektivtilbudet slik at det samsvarar betre med etterspørselen.

Flytoget ved perrongen.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Transportnettverket