Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag eit salskurs!

Ein dyktig seljar er den viktigaste ressursen i bedrifta!
Ein seljar helser på ein kunde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

De er ei gruppe dyktige seljarar som har fått i oppgåve av leiaren dykkar om å utvikle eit salskurs for dei andre tilsette i bedrifta.

Kurset vektlegg salssamtalen, som er det er viktigaste verktøyet butikken har for å maksimere salet og få fornøgde kundar. Kurset skal òg fokusere på korleis ein får til meirsal.

Oppgåve

  1. Gå saman i grupper på tre. Lag ein introduksjonvideo om salssamtalen og kva ein seljar skal leggje vekt på i dei ulike fasane. De kan bruke Imovie, FilmoraGo eller WeVideo.
  2. Lag og film eit rollespel med tre ulike salssituasjonar, der alle fasane blir viste. De byter på å vere kunde, seljar og den som filmar. Filmen skal oppsummere dei viktigaste punkta frå kvar fase etter kvar salssituasjon.
  3. Set a) og b) saman til ein samanhengande film som kan brukast i opplæringa av nye og gamle tilsette.
  4. Vis filmen til resten av klassa.
  5. Diskuter kva for ei av dei andre gruppene som laga den beste filmen, og grunngi kvifor. Kår ein vinnar i klassa.

Gjennomføring

  1. Lag eit godt manuskript til dei tre ulike salssituasjonene.
  2. Lag storyboards.
  3. Film, rediger og ha det gøy!

Relatert innhald

Kunnskap om forarbeid, bilete, kamera, komposisjon, biletutsnitt, lyd, sjanger, klippeteknikk og redigering er viktig når du skal lage ein videoproduksjon.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2020

Læringsressursar

Sal