Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Manus kunderoller

Tre ulike kundar

Kunde 1: Den positive

Du har ønskt deg dette produktet lenge, og no har du spart pengar frå sommar- og ekstrajobben din slik at du ikkje berre treng å sjå på prisen når du skal handle. Du vil ha det beste!

Du er ein positiv og nysgjerrig person, og når du er heldig og treffer ein seljar på omtrent din eigen alder, synest du det er grådig kjekt å kunne snakke litt om produktet og det du skal bruke det til. Du stiller mange spørsmål, ikkje fordi du vil vere vanskeleg, men fordi du er nysgjerrig. Og du vil veldig gjerne at seljaren gir deg fleire alternativ å velje mellom, for då får du både ei artigare oppleving i butikken og eit betre produkt til slutt.

Du har bestemt deg for at du vil kjøpe noko, men du er veldig i tvil om nett kva for eit produkt du skal kjøpe. Du skal jo ha det beste! Det er trass alt det viktigaste.

Kunde 2: Den skeptiske

Du har bestemt deg for at du treng eit nytt produkt. Det gamle du hadde, er rett og slett brukt opp. Men du er ikkje sikker på korleis det nye produktet ditt skal vere, eller om du har komme til rett butikk. Du vil jo ikkje verke dum heller – du vil ikkje bli lurt – så du er oppteken av å få vite mest mogleg om produktet du skal kjøpe. Helst vil du ikkje seie så mykje, men tvinge seljaren til å overtyde deg utan at du hjelper til. Du veit godt at det du seier, vil bli brukt for å overtyde deg, og derfor seier du minst mogleg!

Men noko må du jo seie, og du kan ikkje stole på at seljaren fortel om dei viktige tinga. Derfor stiller du nokre spørsmål om korleis produktet verkar, om kvar det er laga, om det har gode garantiar, om kvifor det er så dyrt i denne butikken – for du er sikker på at det er mykje billegare ein annan stad. Det er, som reklamen seier, ikkje nokon vits i å betale for mykje.

Du har ikkje bestemt det for om du skal kjøpe noko. Berre så det er heilt klart!

Kunde 3: Den snakkesalige

Du er slett ikkje sikker på om du har lyst på produktet, men du synest det er kjempekjekt å gå i butikkar og høyre kva seljarane har å seie. Kven veit, kanskje oppdagar du at dette er noko du ikkje kan klare deg utan. Uansett så blir det artig!

Du blir glad når du ser at seljaren er omtrent på din eigen alder, for då får du automatisk høve til å snakke om mange andre ting enn det å kjøpe noko. Dess meir de kan snakke om andre ting, dess mindre sjanse er det for at du plutseleg står der og har kjøpt noko. Ja, for det har skjedd. Litt for ofte, om du skal vere ærleg …

Viss du skulle oppdag at dette er noko du berre ha, så er det faktisk ikkje sikkert at du har råd til det. Du er derfor forsiktig med å gi altfor konkrete svar når seljaren spør deg, og du svarer litt svevande, som «kanskje det» og «det kan jo tenkjast ». Du er kort sagt ikkje kommen for å kjøpe noko, men for å bli underhalden av ein seljar.

CC BY-SASkrive av Høgskulen på Vestlandet.
Sist fagleg oppdatert 12.07.2016

Læringsressursar

Sal