Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

God kundekommunikasjon

Kva kjenneteiknar den gode kundebehandlaren? Korleis oppfører ho seg overfor kunden? Kva kan du gjere for å bli ein betre kundebehandlar?
Ein smilande ekspeditør hjelper eit par i butikken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Korleis kan du skape tillit hos ein kunde?
  2. Må du ha gjennomført eit sal der og då for å vere ein god seljar?
  3. Kva trur du er viktige eigenskapar hos deg for at kunden skal ønskje å kome tilbake gong etter gong?
  4. Korleis kan kunden trigge deg slik at du blir freista til å bli sint og tverr? Kva kan du heller gjere enn å bli sint og tverr i møte med denne kunden?
  5. Kva er relasjonskompetanse?
  6. Kva vil det seie å ha relasjonsferdigheiter?
  7. Kva betyr det å ha relasjonsferdigheiter i møte med kundar? Gi døme.
  8. Om du er god på relasjonsferdigheiter, kva kjensler vil kunden få etter å ha møtt deg i jobben?
  9. Kva er du god på i dag, og kva må du jobbe med hos deg sjølv for å bli betre?
  10. Korleis kan erfarne kollegaer hjelpe deg til å bli god på relasjonskompetanse?
  11. Kva er kroppsspråk?
  12. Kvifor er det viktig å vere bevisst på sitt eige kroppsspråk i eit salsyrke?
  13. Om du skulle velje éin ting du vil jobbe for å forbetre hos deg sjølv, kva skulle det vere? Grunngi kvifor du opplever dette som spesielt viktig for å lykkast som seljar.

CC BY-SASkrive av Kristin Aase og Bente Elisabeth Vetland.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2019

Læringsressursar

Sal