Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kunsten å selje bil

Er du ein seljar? I denne oppgåva skal du sjå nærare på salstriksa til ein bruktbilseljar og prøve deg på å marknadsføre ein bruktbil.

Oppgåve 1

  • Sjå filmen over, og kommenter argumenta til seljaren.
  • Lag ei liste over salspunkta til seljaren og ei liste med kva du ville ha sagt i denne situasjonen.
  • Diskuter i klassa:

    • Kva er det viktig å leggje vekt på når du skal selje ein bil?
    • Vil det vere forskjell på salspunkta dine om du sel til kvinner eller menn, unge eller eldre? Kva er i så fall forskjellane, og kvifor er det slik?

Oppgåve 2

I grupper

  • Lag ein reklamefilm for ein bruktbil. Kanskje kan de låne bilen til ein de kjenner? Filmen kan vere 2–3 minutt lang.
  • Sjå filmane saman i klassa, og stem på kva film som er best, med grunngivingar.
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2023

Læringsressursar

Sal