Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Salsarbeid i butikk

Korleis går sal i butikk for seg?
Ein smilande ekspeditør hjelper eit par i ein butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal de jobbe to og to saman. Når de har gjort oppgåva, skal de presentere resultata for klassa, slik at de kan samanlikne resultata frå ulike butikkar.

Oppgåve

Del 1

Vel ein butikk de vil jobbe med. Det kan vere lurt å avtale med butikken på førehand, sidan de skal gjere fleire ting der.

Del 2

Førebu eit intervju. Skriv ned spørsmål som de vil stille ein butikktilsett for å lære meir om korleis han eller ho gjennomfører ein salssamtale.

Del 3

Gjennomfør intervjuet.

Del 4

Observer korleis seljarane i butikken jobbar. De skal observere minst tre salssamtalar. Bruk det vedlagde observasjonsskjemaet – det er viktig at alle bruker det same skjemaet, slik at vi kan samanlikne resultata.

Del 5

Lag ein presentasjon, og presenter resultata dykkar for klassa.

Filer

CC BY-SASkrive av Høgskolen på Vestlandet.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2020

Læringsressursar

Sal