Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein god seljar?

Salgs- og Reklameforeningen (SRF) kårar kvart år «Årets unge selgerforbilde» i Bergen. Her kan du sjå ein presentasjon av dei tre finalistane frå 2019.

For å kunne bli nominert til prisen «Årets unge selgerforbilde» må du vere under 38 år, du må ikkje vere leiar, og du må jobbe i ei bedrift i bergensregionen.

I desse tre presentasjonsvideoane fortel finalistane frå 2019 om kva som kjenneteiknar dei som seljarar, og kva dei trur skil dei frå andre dyktige seljarar.

Renate Haukeland frå Schibsted vann «Årets unge selgerforbilde» i 2019.

Øyvind Lien frå Fjord Line og Erik Semb frå Jæger – BMW Bergen var dei to andre finalistane.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen. Rettshavar: SRF
Sist fagleg oppdatert 03.04.2020

Læringsressursar

Sal