Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli ein betre seljar

Kva bør du tenkje på for å bli ein betre seljar? Her får du fem konkrete tips.
Ein selgjar i ein brillebutikk viser ulike innfatningar til ein kunde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Gå saman to og to.

  1. Oppsøk nokre lokale butikkar der de kan intervjue nokre seljarar.
  2. Presenter dykk, sei kva studieprogram de går på, og fortel om oppgåva de har fått.
  3. Be seljarane kome med fem tips til korleis de skal bli gode seljarar.
  4. Oppsummer i klassa, og skriv ned alle tipsa de har fått, på tavla. Kva tips går att? Har de fått ulike tips frå seljarar i ulike bransjar? Diskuter.

Oppgåve 2

På salskurset til firmaet Motivia blir punkta nedanfor framheva som «high five» for ein seljar. Forklar kvifor desse punkta er viktige når du ønskjer å bli ein betre seljar.

  1. Ha eit ønske om å forbetre deg.
  2. Smil og ver blid.
  3. Lytt til kunden.
  4. Ver ærleg.
  5. Gi god kundeservice.
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen. Rettshavar: Motivia AS
Sist fagleg oppdatert 23.06.2020

Læringsressursar

Sal