Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Marknadsføringskampanjar mot ei ung målgruppe

Kva kjenneteiknar ein vellykka marknadsførings-kampanje mot ei ung målgruppe? I denne oppgåva skal du reflektere over dette med utgangspunkt i døme på marknadsføringskampanjar for Høyskolen Kristiania og Burger King.
Foto av ungdommar med mobiltelefonar i hendene.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Forklar omgrepa:

  • Marknadskommunikasjon

  • Marknadsføringskampanje

  • Marknadssegmentering

  • Målgruppe

  • Forbrukaråtferd

  • Medievanar

Oppgåve 2

Sjå filmen ovanfor, og skriv notat undervegs.

Oppgåve 3

  1. Reflekter over suksesskriteria til Høyskolen Kristiania og Burger King sine marknadsføringskampanjar, som du høyrde om i filmen ovanfor.

    Ta gjerne òg ein kikk på filmane som du finn lenkjer til nedanfor.

  2. Vis korleis forbrukaråtferda og medievanane til målgruppa er tekne omsyn til.

Fleire videoar om marknadsføringskampanjane for Høyskolen Kristiania og Burger King

Høyskolen Kristiania – Starcom casefilm 2021 (Vimeo)

Kampanjefilmen "Av alt du kan bli, bli den du er!". Høyskolen Kristiania. (Vimeo)

Burger King of content – Hvordan treffe “sveipe-generasjonen” | Case (Vimeo)

Kampanjefilmen Whopper-hack. Burger King. (Vimeo)

Oppgåve 4

Drøft påstanden:

"Ungdom er den vanskelegaste målgruppa å engasjere og nå ut til."

Oppgåve 5

Skriv ein tekst med overskrifta "Ti tips for ein vellykka marknadsføringskampanje".

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2022

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper