Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein marknadsføringskampanje for ei reiselivsoppleving

I denne oppgåva skal de planleggje og gjennomføre ein marknadsføringskampanje for ei ny reiselivsoppleving til ei sjølvvald målgruppe.
To reinsdyr på ein vinterveg. Dei trekker kvar sin slede med to passasjerar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon

  • De har laga ei heilt ny reiselivsoppleving som de vil køyre ein marknadsføringskampanje for. Opplevinga kan innehalde eit kurs, eit kulturinnslag eller aktivitetar, og ho kan vere med eller utan overnatting og bevertning.

  • Jobb i par.

  • Opprett eit felles dokument de kan planleggje og samskrive i, til dømes eit Google-dokument.

Oppgåve 1

  • Diskuter og bestem dykk for kva slags reiselivsoppleving de vil lage.

  • Bli samde om eit firmanamn, ein logo og eit namn på opplevinga.

  • Diskuter dykk fram til målgruppa de vil rette kampanjen mot, og lag fire personas frå denne målgruppa til kampanjen. De kan gjerne lage og gjennomføre små spørjeundersøkingar blant ulike personar i målgruppa, for at det skal bli lettare for dykk å lage gode personas.

Oppgåve 2

  • Diskuter og bli samde om målbare mål, og kva verktøy de kan bruke for å analysere kampanjen dykkar, både under og etter gjennomføring. Kva ønskjer de å oppnå med marknadsføringskampanjen?

  • Diskuter og bestem kva kanalar de skal nytte for å treffe målgruppa dykkar. Tenk på kvar de best treffer dei ulike personasene i målgruppa.

  • Diskuter og bestem kva som skal vere bodskapen i kampanjen dykkar. Kva form bør bodskapen ha for å treffe målgruppa best? Skal han spele på kjensler, vere informativ eller begge delar?

  • Diskuter og bestem kva verktøy de skal bruke i utforminga av kampanjen. Skal det vere ein film? Ei photo story?

  • Diskuter og bestem når kampanjen skal køyrast, og kor lenge. Hugs å tilpasse etter sesong, tid på året eller spesielle høve.

Oppgåve 3

  • Lag eit råutkast til marknadsføringskampanjen dykkar, gjerne i form av eit storyboard.

  • Lag ein presentasjon og framfør han for dei andre i klassen. Grunngi vala dykkar.

  • Gi og få tilbakemeldingar, og gjer nødvendige endringar.

  • Set ein dato for lanseringa av kampanjane, og planlegg ei kåring av den beste marknadsføringskampanjen. Bli samde om kriterium på førehand, og lag eit avstemmingsskjema til alle gruppene.

  • Begynn førebuingane til ei eventuell filminnspeling, ei photo story eller kva de vel.

Oppgåve 4

  • Lag marknadsføringskampanjen.

  • Gjennomfør lanseringa, vis kampanjane for kvarandre og fyll ut avstemmingsskjemaa undervegs.

  • Kår den beste marknadsføringskampanjen basert på skjemaa de har fylt ut. Kanskje vankar det ein liten premie til vinnarane?

Bruk fantasien og ha det gøy! Lykke til!

Tips

Lær å lage ei photo story frå slideshare.net.

Lag ein video med Clips. Du kan laste ned Clips gratis frå Appstore.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2021

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper