Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av plakatar i marknadsføringskampanjar

Plakatar er ikkje berre ei kunstform, dei blir òg brukte mykje i marknadsføring. Vi bruker dei for å informere og påverke mottakarane våre. Reklameplakatane kjem i mange former, alt frå fysiske plakatar i og utanfor butikkar til digitale bannerannonsar i nettaviser.
Reklameplakat for Norsk Bremuseum der hovudbiletet er av snødekte fjelltoppar, mens småbileta viser både ulike norske natur- og kulturmotiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her ser vi ein plakat frå Norsk Bremuseum. Han er komponert med breen som blikkfang og med ulike miniatyrbilete som skal freiste oss til eit besøk. Teksten rammar inn bileta samtidig som han gir informasjon og stiller spørsmål. Valet av handskrift kan gi assosiasjonar til postkort og det å skrive heim om kva ein har opplevd på ferie, noko som var vanleg før.

Påverknad

I marknadsføring bruker vi det vi kallar konkurransemiddel, ofte kalla dei fem p-ane, som er produkt, pris, påverknad, plass og personale. Plakatar blir brukte for å påverke, og vi deler påverknad inn i tre ulike former:

  • kjøp – salsplakatar
  • kjennskap – merkevarebygging
  • informasjon

Vi har salsplakatar som har som føremål å påverke til kjøp. Så har vi plakatar som skal auke kjennskapen til eit produkt eller ei bedrift, som blir brukte til merkevarebygging. Til slutt har vi informasjonsplakatar.

Påverke til kjøp – salsplakatar

Her er ein typisk salsplakat som oppmodar til å kjøpe eit konkret produkt.

Reklameplakat for reisebyrået Berg-Hansen, som tilbyr pakkepris på weekendtur til Cinque Terre og Levanto, direkte frå Kjevik.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det som viser tydeleg at dette er ein salsplakat, er at stad, tid og pris for reisa er med. I tillegg er det oppgitt telefonnummer der vi kan ta kontakt for å kjøpe reisa. Dette er òg eit døme på at estetisk utsjånad òg blir vektlagd i utforminga av salsplakatar. Dei fleste får lyst på ein tur til Italia når dei ser denne plakaten.

Auke kjennskapen – merkevarebygging

Mange plakatar har som føremål å auke kjennskapen til eit produkt.


Sjølv om Freia-plakaten er mange år gammal, er han likevel lett å dra kjensel på på grunn av logoen og utforminga av namnet Freia. I merkevarebygging er nettopp slike konstante element viktig.

Reklameplakaten for Økola har som føremål å auke kjennskapen til mineralvassfabrikken Oskar Sylte generelt og produktet Økola spesielt. Å bruke naturlege råvarer er ein viktig verdi for denne bedrifta, og det kjem tydeleg fram i både biletbruk og tekst.

Plakatane for Merida elsyklar fokuserer, på ein litt humoristisk måte, på fordelane ved å bruke elsykkel framfor vanleg sykkel. Norske reklamar er kjende for å bruke meir humor enn det som er vanleg i andre land.

Informasjonsplakatar

Marknadsførarar utformar informasjonsplakatar til ulike føremål, ofte i samband med ulike informasjonskampanjar. Eit døme er Folkehelseinstituttets plakat: Vaner som forebygger smitte.

Her er eit døme frå tidlegare Opplandstrafikk, som informerer om prisendringar. Den viktigaste informasjonen blir her framheva ved hjelp av skriftstorleiken.

Informasjonsplakat for Opplandstrafikk, der ordet PRISENDRING er skrive med kjempestor font.
Opne bilete i eit nytt vindauge



CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2020

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper