Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Målgrupper og marknadsføringskampanjar – Dyreparken i Kristiansand

Dyreparken i Kristiansand er ein av Noregs største turistattraksjonar. For Dyreparken er god innsikt i målgruppa avgjerande for å kunne lage vellykka marknadsføringskampanjar. I denne oppgåva skal du mellom anna planleggje ein marknadsføringskampanje for Dyreparken i Kristiansand.

Oppgåve 1

Sjå filmen og prøv å leggje merke til kva som blir sagt om Dyreparken sitt arbeid med å skaffe innsikt i målgrupper. Kor mykje klarer du å hugse? Sjå eventuelt filmen fleire gonger.

Oppgåve 2

Forklar med eigne ord kva som blir meint med segmentering og målgruppeval.

Oppgåve 3

  1. Identifiser og beskriv så presist som mogleg kva du meiner er primærmålgruppa til Dyreparken i Kristiansand.

  2. For Dyreparken kan det vere aktuelt å vende seg til fleire målgrupper. Beskriv kva du meiner kan vere Dyreparken si sekundærmålgruppe.

Oppgåve 4

Innsikt i målgrupper skal liggje til grunn for produktutviklinga og kommunikasjonen til Dyreparken. I 2019 vart overnattingskonseptet Dyreparken safaricamp lansert.

Kort samandrag av videoen

Videoen viser bilete frå uteområdet i Dyreparken safaricamp, som består av små telt-hytter på pålar. Vidare er det bilete frå innsida av safaritelta, som viser ei praktisk og fin innreiing.

Dyreparken safaricamp opna i 2019, og i 2022 består safaricampen av 42 telt.

Informasjon om Dyreparken safaricamp

  1. Kva blir meint med glamping som overnattingskonsept? Søk gjerne etter ei skildring på nett. Kvifor trur du glamping har blitt populært?

  2. Gjer greie for segmenteringa som ligg til grunn for å utvikle Dyreparken safaricamp. Du kan høyre meir om dette i den første filmen øvst i denne oppgåva.

  3. Beskriv så presist som mogleg ei aktuell målgruppe for Dyreparken safaricamp.

Oppgåve 5

Elisabeth Drange Tønnessen, innsikts- og analyseansvarleg i Dyreparken, seier: "Det er viktig at vi har innsikt om målgruppa – både dei som besøkjer oss i dag, men også potensielle nye gjester." Kvifor er denne typen innsikt viktig for Dyreparken? Grunngi.

 Halloween. Foto av graskar med utskore ansikt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 6

Sidan 2019 har Dyreparken arrangert Skumle dager i oktober. "Jump Scare" og skumle opplevingar i Nordisk villmark er for dei tøffaste, og Klaras bøllemysterie på Kutoppen er tilpassa dei minste. Klatremus og resten av gjengen i Hakkebakkeskogen er bytte ut med eit spøkelsestog i oktober.

Ifølgje Dyreparken er Skumle dager-satsinga ein suksess med tanke på talet på besøkjande. På den andre sida har Skumle dager-satsinga gjort at fleire foreldre har uttrykt stor misnøye med dette "skremmeprosjektet". Dyreparken har fått kritikk for at skrekkfilm-aktige figurar vandrar rundt i parken. Du kan sjå nokre artiklar med bilete og videosnuttar frå Skumle dager i Dyreparken nedanfor.

Artiklar med bilete og videosnuttar frå Skumle dager i Dyreparken

Stadig flere bruker høstferien på å bli skremt (NRK)

Dyreparken får kritikk: – Det er grotesk (NRK)

Satser på skrekk i Dyreparken (NRK)

Raser mot Dyreparken (Dagbladet)

  1. Sjå på bileta og videosnuttane i artiklane som det er lenkja til ovanfor. Synest du at den anbefalte aldersgrensa for spøkelsestoget på åtte år er passande? Grunngi.

  2. Drøft fordelar og ulemper med Dyreparken si Skumle dager-satsing.

  3. Synest du Dyreparken bør endre eller tilpasse Skumle dager-satsinga og kommunikasjonen mot målgruppa om Skumle dager? Kvifor / kvifor ikkje? Kom med konkrete forslag dersom du synest dette bør endrast eller tilpassast.

  4. Drøft påstanden:

    • Det er ikkje nødvendigvis negativt for Dyreparken at fleire har uttrykt misnøye med Dyreparken si Skumle dager-satsing. All er god PR.

Oppgåve 7

I ein marknadsføringskampanje for nokre år sidan ønskte Dyreparken å vise mangfaldet av attraksjonar og tilbod for å auke besøkstala og førehandssalet. Dette kan du sjå og høyre meir om i videoen nedanfor.

Kort samandrag av videoen

I 2016 vart det sett i gang ein marknadsføringskampanje der Dyreparken ønskte å vise mangfaldet av attraksjonane og tilboda sine for å auke besøkstala og førehandssalet.

Gjennom dagbladet.no, kk.no og seoghor.no blei det rekruttert tidlegare besøkjande til å dele erfaringane og dei beste tipsa sine. Tipsa blei publiserte som annonsar som skulle stå til dei ulike plattformene i både form, funksjon og innhald, slik at dei kunne verke truverdige og nyttige for lesarane på dei ulike plattformene. Kampanjen fekk enorm respons og var ein suksess i form av større kjennskap til tilboda, auka nettsal og meir interesse for besøk.

  1. Kvifor trur du denne marknadsføringskampanjen blei ein suksess? Vis til konkrete døme og grunngi.

  2. I videoen ovanfor kan du sjå nokre døme på av Dyreparken i form av artiklar på framsida av ei nettavis, merkte som annonsørinnhald. Kan du tenkje deg nokon fordelar og ulemper med marknadskommunikasjon som etterliknar forma på redaksjonelt innhald?

  3. Utforsk til Dyreparken. Vis til konkrete døme og vurder om du meiner denne marknadskommunikasjonen er vellykka for å nå ut til bestemte målgrupper.

Foto av mange unge menneske som badar i eit utandørs badeanlegg i Tyskland.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 8

I 2022 ønskte Dyreparken i Kristiansand å leggje meir til rette for dei større barna i Badelandet. Dei utvikla konseptet Lagunen Beach Club som ein eigen del av Badelandet. Han har ei gigantisk hinderløype på vatnet som måler 15 x 45 meter og har eigen DJ.

  1. Vurder, drøft og tilrå kommunikasjonskanalar Dyreparken kan nytte i kommunikasjonen sin til ungdom om Lagunen Beach Club.

  2. Planlegg og utarbeid forslag til marknadskommunikasjon for Lagunen Beach Club. Nytt gjerne verktøyet Canva, som har malar for annonsar på sosiale medium, brosjyrar og plakatar.

Anbefalt verktøy

Canva

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2022

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper