Hopp til innhald

Fagstoff

Slik lykkast du med digitale marknadsføringskampanjar

Med ein målretta og godt planlagd marknadsføringskampanje er det større sjanse for at du treffer målgruppa. Då kan du oppnå god effekt.
Ei hand held ein mobiltelefon. Over handa svever det eit projisert bilete med ikon frå telefonen. Illustrasjon.

Bestem målsetjinga

Når vi skal lage ein marknadsføringskampanje, må vi starte med å lage klare målsetjingar. Det kan gjere oss meir medvitne om kva som er føremålet med kampanjen når vi planlegg.

Målsetjinga for ein marknadsføringskampanje kan vere

  • å auke talet på oppdrag

  • å få fleire kundar til butikken

  • å auke salet i nettbutikken

  • å få fleire til å laste ned brosjyrar eller e-bøker

  • å få fleire til å lese nyheitsbrev eller blogginnlegg

  • å auke trafikken til nettsida

  • å fleire deltakarar på nye kurs

Set konkrete og målbare mål

Det er viktig å ha ei målsetjing der resultata kan målast. Du kan til dømes måle talet på nye medlemmer i ein kundeklubb, talet på kundar som abonnerer på eit nyheitsbrev, talet på kundar som gjennomfører eit kjøp, eller omsetninga i ein gitt periode.

Det finst ei rekkje digitale verktøy du kan bruke for å måle. Ønskjer du å måle trafikken til nettsida di, kan du til dømes bruke Google Analytics.

Når målsetjinga er klar, må vi finne ut kven det er vi prøver å nå med kampanjen. Dei fleste snakkar om målgruppe, men fleire og fleire bruker kundepersonas i marknadsføringa si.

Kollasj av fire forskjellige menneske: ein kjemikar, ein snikkar, ein sjukepleiar og ein lærar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein kundepersona er ei skildring av den ideelle kunden din. Ei bedrift kan ha ein, to eller fleire. For å finne dine kundepersona kan du gjennomføre ei kundeundersøking og/eller intervjue eksisterande kundar.

Dette bør du ha med i ei beskriving av kundepersonas
  • kjønn

  • alder

  • inntekt

  • bustad

  • stilling

  • kvar på nettet dei bruker tid

  • livssituasjon

  • personlege og profesjonelle mål

  • utfordringar

  • bekymringar dei har rundt kjøp

Døme på ein kundepersona

Du er kurshaldar og skal planleggje ein marknadsføringskampanje for dei nye kursa dine. Du held toppturkurs, skredkurs og dessutan fjellski- og offpiste-kurs. Du lagar ein persona for målgruppa du ønskjer å vende deg til.

Studenten Ella er 23 år. Ho bur i Oslo og jobbar som servitør ved sida av studia. Når ho ikkje jobbar eller studerer, liker ho å vere i naturen, og ho overnattar mang ei natt i hengjekøye i Nordmarka saman med gode venner. Ho drøymer om å starte sitt eige firma slik at ho kan bestemme over si eiga arbeidstid. Ho elskar fjellet, men er redd for å bli teken av skred eller for ikkje å vere sterk nok til å gå toppturar.

Ella bruker mykje tid på Instagram og Snapchat for å halde seg oppdatert, og ho legg ut mange bilete frå naturopplevingane sine.

Dette er ein god start på utarbeidinga av ein persona. Vidare vil du bli ytterlegare kjend med studenten Ella. Korleis er ho som person? Kva er dei sterke og svake sidene hennar? Er ho ein type som bruker lang tid før ho tek ei avgjerd, eller er ho impulsiv? Er Ella vanskeleg å overtyde? Vidare bør du skrive ei historie om Ella som ikkje er punktvis. På den måten vil du føle at du kjenner ho betre. Du vil kanskje òg utvide personas-galleriet ditt med tre personas til, for å lære å kjenne målgruppa. Då kan du skreddarsy marknadsføringskampanjen for best mogleg resultat.

Ei hengekøye og to par sko, som ligg på bakken. Utsikt over Halsnøy, Sæbøvik og Klosterfjorden. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du har danna deg eit bilete av kven kundane er, så veit du òg kvar du finn dei. Ved å annonsere på Google, Facebook eller LinkedIn har du gode moglegheiter for å nå dine kundepersonas.

Kva kjenneteiknar ein god marknadsføringskampanje?

Det første som kjenneteiknar ein god marknadsføringskampanje, er at han er lønnsam. Når du har funne ut kva kanalar du skal annonsere i, er det viktig å få fram ein tydeleg avsendar og ein forståeleg bodskap.

Avsendaren er bedrifta som står bak kampanjen. Logo eller firmanamn bør kome tydeleg fram. Ein forståeleg bodskap betyr at bodskapen er konkret og enkel. Har du ikkje fanga interessa til kunden i løpet av tre sekund, er det ofte for seint. Nokre av dei beste kampanjane er dei som speler på kjensler.

Analyser marknadsføringskampanjen

Når du gjennomfører ein marknadsføringskampanje, bør du alltid ta utgangspunkt i den målsetjinga du har sett for kampanjen. Ut frå målsetjinga utarbeider du eit analyseverktøy for kampanjen. Du bør analysere både undervegs og i etterkant. Ved å analysere undervegs har du moglegheit til å justere marknadsføringskampanjen om det trengst. Evalueringa i etterkant gir deg verdifull informasjon til seinare kampanjar om kva som fungerte, og kva som ikkje fungerte.

Når bør vi køyre marknadsføringskampanjar?

Tidspunktet for ein kampanje bør tilpassast til årstider, sesongar og høgtider.

Sel du til dømes snøskuffer, så køyrer du ikkje kampanje i juli. På same måte er ikkje kampanjar for badetøy i desember ein god idé. Du bør gjennomføre marknadsføringskampanjar som dekkjer naturleg behov, sesongvariasjonar eller viktige hendingar, og som påverkar innkjøp av produktet du sel.

Ikkje alle produkt eller tenester er sesongavhengige. Då bør du heller tilpasse bodskapen for kampanjen til sesongen. Du kan til dømes lage ulike innpakningar til produkta dine, som treffer kunden fordi dei passar med årstidene.

Same når på året du skal køyre ein kampanje, så bør du vere ute i god tid for å kjøpe plassering. Planlegging er nøkkelen til suksess. Vel tidspunktet for kampanjen med omhug, og planlegg i god tid.

Relatert innhald

Marknadsføringskampanjar består av ei rekke aktivitetar i ulike medium og på ulike plattformer i ein bestemd tidsperiode og med eit bestemt mål.


CC BY-SASkrive av Idium og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 19.09.2023

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper