Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Målgrupper i filmen Den perfekte familien

No skal du få jobbe med oppgåver til filmen Den perfekte familien. Oppgåvene har med temaa segmentering og målgruppeval å gjere.

Oppgåver

  1. Forklar kva som blir meint med segmentering, og bruk døme frå filmen Den perfekte familien.
  2. Forklar kva som blir meint med målgrupper, og bruk døme frå filmen Den perfekte familien.
  3. Gjer greie for segmenteringskriterium, og bruk døme frå filmen.
  4. Vi kan seie at hovudpersonane i filmen representerer fire ulike målgrupper. Beskriv desse målgruppene, og gjer bruk av relevante fagomgrep.
  5. I filmen ser vi at familien raskt blir ein trendsetjarfamilie. Det tek ikkje lang tid før naboar, venner og nye kjenningar byrjar å kjøpe dei same tinga. Kva trur du er årsaka til at familien får så stor påverknadskraft?
Utsnitt frå filmen Den perfekte familien. Foto.

Til denne filmen finst det òg oppgåver til temaa marknadskommunikasjon og forbrukaråtferd. Sjå desse relaterte artiklane:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2021

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper