Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Målgrupper for ein musikkfestival

I denne oppgåva skal de velje ut målgrupper til ein musikkfestival. Deretter skal de planleggje ein radioreklame som skal marknadsføre festivalen.
Tons of Rock på Ekeberg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Forslag til korleis de kan arbeide med oppgåvene
  • Jobb gjerne i grupper på 2–4.

  • Presenter gjerne svara og lydklippet for klassen.

Oppgåver

  1. Tenk dykk at de skal marknadsføre ein musikkfestival. Ta utgangspunkt i føresetnader de vel sjølv, og beskriv den tenkte musikkfestivalen.
  2. Identifiser og beskriv moglege målgrupper for musikkfestivalen.
  3. Vel ut ei primærmålgruppe, og definer ho så presist som mogleg.

  4. Tenk dykk at de skal lage ein radioreklame for musikkfestivalen. Planlegg radioreklamen.

  5. Korleis vil de utforme ein bodskap for å nå ut til primærmålgruppa?

  6. Spel inn eit lydklipp for å illustrere radioreklamen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Albertine Aaberge .
Sist fagleg oppdatert 28.01.2021

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper