Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder målgrupperetting

Gå saman i grupper og diskuter spørsmål knytt til målgrupperetting. De skal sjå på to blogginnlegg, eit utdrag frå NRK-serien Skam og ein reklameplakat for PlayStation.
Jørgine «Funkygine» Masse Vasstrand er bloggar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A. Jørgine Masse Vasstrand er kjend som "Funkygine". Les eit blogginnlegg på Funkygines blogg:

  1. Kva er målgruppa til Funkygine?
  2. Diskuter korleis Funkygine tek omsyn til målgruppa når ho utformar bodskapen sin.

B. Sophie Elise la ned bloggen sin i januar 2020, men har framleis ein Instagram-profil med fleire hundre tusen følgjarar. Les dette blogginnlegget på Sophie Elises blogg frå 2017.

  1. På kva måte får Sophie Elise fram at måten ho tenkjer rundt målgruppe på, endra seg frå ho starta å blogge til ho skreiv blogginnlegget i 2017?
  2. Korleis har forståinga hennar av målgruppa endra bodskapen hennar?
  3. Diskuter kvifor bloggarar og influensarar har eit viktig ansvar når det gjeld kva bodskap dei formidlar til målgrupper.
Jentene i NRK-serien Skam med Gullruten-prisen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

C. Sjå dette klippet frå Skam, ein dramaserie for ungdom frå NRK: Skam: Trussel

  1. Kven er målgruppa for denne serien?
  2. Kva er bodskapen i denne episoden?
  3. Skam er eit døme på eit medieprodukt som fekk eit mykje større publikum enn først planlagd. Kva trur de er årsakene til det?

D. Sjå på denne reklameplakaten: Plakat for PlayStation

  1. Vurder målgruppa for denne reklameplakaten.

  2. Kva tenkjer de er bodskapen i denne reklameplakaten?

  3. Kor godt synest de bodskap og målgruppe heng saman?
  4. Kor ville de ha plassert denne reklameplakaten for at han skal treffe målgruppa?
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2021

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper