Hopp til innhald

Fagstoff

Kjøpsroller på forbrukarmarknaden

Kva meiner vi med kjøpsroller, og kva for nokre ulike typar av kjøpsroller finst?
Familie med surfebrett på strand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan seie at kjøpsroller er ulike roller vi har i samband med kjøp. Av og til kan du ha alle rollene sjølv, andre gonger er fleire rolleinnehavarar involverte i eit kjøp.

Når du kjøper ting av låg verdi, til dømes ein brus, pleier du nok ikkje å involvere fleire personar i kjøpet. Prosessen er enkel, og du tek deg av alle kjøpsrollene sjølv.

Ved meir kostbare kjøp, som til dømes når du skal kjøpe ei feriereise eller ein ny bil, er det derimot som regel to eller fleire personar som har ulike roller knytte til kjøpet.

Tenk deg at familien din finn ut at de skal dra på ein ferietur i haustferien. Kven er det då eigentleg som bestemmer? Vanlegvis er det ikkje éin person som bestemmer alt. Vi har ofte ulike roller i prosessen fram mot kjøpet.

Vi kan skilje mellom fem ulike kjøpsroller:

  • initiativtakar

  • påverkar

  • avgjerdstakar

  • kjøpar

  • brukar

Initiativtakar

Initiativtakaren er, som ordet indikerer, den som tek initiativ til . Det er initiativtakaren som har ideen om at det finst eit udekt behov – stort eller lite, rimeleg eller kostbart, grunnleggjande eller av det meir luksusprega slaget.

Tenk deg at du eller søskena dine har føreslått ein ferietur i haustferien. Då er de initiativtakarane.

Påverkar

Påverkaren er den som er med på å styre kjøpet i ei bestemd, ønskt retning.

Tenk deg at mor eller far har akseptert at ein ferie er ein god idé, og at mor kanskje vil meine noko om kva reisemål de bør velje. Ho ønskjer kanskje å besøkje eit spesielt reisemål og ei spesiell strand. Mor tek då rolla som påverkar i kjøpsprosessen.

Reisa skal vere innanfor budsjettet familien disponerer, og ho skal vere tilpassa krava de har til hyggje og komfort. Her har nok nokon i familien meiningar om flytider, mellomlandingar, hotellplassering og så vidare og prøver å påverke den endelege avgjerda.

Avgjerdstakar

Avgjerdstakaren er den som tek den endelege avgjerda om kva produkt som skal kjøpast.

Tenk deg at far vurderer dei ulike alternativa familien har føreslått, for så å velje eit passande reisetilbod. Far blir då avgjerdstakaren.

Kjøpar

Kjøparen er kort og godt den som betaler og gjennomfører det faktiske kjøpet.

Tenk deg at ein i familien, til dømes mor, betaler ferien frå ein felles reisekonto som ho og far har oppretta, og gjennomfører det faktiske kjøpet.

Brukar

Brukaren er den som bruker vara som er kjøpt. I eit hushald er det gjerne fleire som bruker dei same tinga, som til dømes møblar, bil, hagereiskap, mat og så vidare.

I dømet med feriereisa vil heile familien vere brukarar av ferien.

Bilete av badeliv ved hotellbasseng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

Har du nokon gong teke initiativ til eit kjøp som foreldra dine har gjort?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper