Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Kantina treng hjelp!

Kantina på skulen dykkar ønskjer å få laga ein marknadsføringskampanje for den sunne maten dei sel. Dei har bede dykk om hjelp.
Elever i kø i skolekantina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kantina ønskjer å fokusere på at elevane på skulen skal velje dei sunnaste alternativa, men slit med salet. Derfor ønskjer dei at de skal lage ein marknadsføringskampanje for tre av dei sunnaste alternativa dei tilbyr.

Oppgåve i klassa

  • Lag eit intervju som skal gjerast med personalet i kantina. Formålet med intervjuet er at de skal lære meir om dei tre sunne produkta kantina ønskjer å selje meir av.

  • Set aktuelle mål for kampanjen i samarbeid med kantina. Kan det til dømes vere eit mål å auke salet med 20 prosent?

  • Vel ut to elevar til å intervjue kantinepersonalet.

  • Analyser intervjuet i fellesskap, og lag ei felles oversikt.

  • Del klassa i tre grupper, og fordel produkta mellom dykk.

Oppgåve i gruppene

  • Lag personas til marknadsføringskampanjen dykkar.

  • Lag eit namn på produktet eller kampanjen.

  • Vel kva kanal de vil gjennomføre kampanjen i, og kva verktøy de vil bruke til å måle resultata undervegs og etter gjennomføring.

  • Utform kampanjen, med ein bodskap som passar til målgruppa og produktet. De står fritt til å velje korleis de vil formidle bodskapen dykkar, og kva verkemiddel de vil bruke (bilete, video, tekst, prat).

  • La kantina kome med tilbakemeldingar på ideen dykkar, og gjer endringar om det er nødvendig.

  • Bli samde om ein lanseringsdato, og lanser kampanjen den dagen.

  • Analyser kampanjen når halve tida er gått. Har han hatt den effekten de ønskte, eller må de gjere endringar?

  • Analyser resultatet når kampanjen er ferdig. Hadde kampanjen den effekten de ønskte? Diskuter kvifor eller kvifor ikkje.

  • Inviter kantinepersonalet til å kome og fortelje korleis dei opplevde kampanjen.

  • Lag eit oppsummeringsnotat frå kampanjen over kva som verka eller ikkje verka, kva de må jobbe meir med, og kva som kan gjerast annleis. Evaluer resultatet av arbeidet dykkar.

Lykke til!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2021

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper