Hopp til innhald

Fagstoff

Segmenteringsstrategiar

Det er ikkje alltid like lett å bestemme målgruppe for eit produkt. Korleis kan vi nytte segmenteringsstrategiar for val av målgruppe?
Ung kvinne jobbar med statistikkdiagram på datamaskin. Foto.

Etter at vi har delt inn i ulike segment, følgjer arbeidet med å velje ut attraktive og lønnsame segment, såkalla målgruppeval. Ei verksemd kan ha ei eller fleire målgrupper som ho ønskjer å påverke med ulike konkurransemiddel. Utvalde segment blir kalla målgrupper.

Vi kan skilje mellom dei følgjande segmenteringsstrategiane for målgruppeval:

  • udifferensiert
  • differensiert
  • konsentrert
  • individuell

Udifferensiert

Ved udifferensiert segmentering blir heile marknaden behandla som eitt stort segment, som då blir målgruppa. Vi kan velje denne strategien dersom etterspurnaden etter produktet er relativt lik for alle kjøpsgrupper.

Ruter, som er ansvarleg for kollektivtrafikken i Oslo og Akershus, er eit døme på ei verksemd som behandlar heile marknaden som eitt stort segment. Marknadsføringa deira er derfor òg udifferensiert.

Differensiert

Differensiert segmentering er den vanlegaste segmenteringsstrategien. Her vel bedrifta å behandle fleire segment parallelt. Marknadsføringa blir då tilpassa kvart enkelt segment.

Merkevara Jordan har til dømes mange produktvariantar av tannbørstar retta inn mot ulike segment ut frå alder. Jordan kan då forandre produkteigenskapar, pris, marknadskommunikasjon og kanskje òg distribusjon for å nå dei ulike segmenta på ein effektiv måte.

Konsentrert

Å bruke ein konsentrert segmenteringsstrategi betyr å konsentrere seg om ein liten, spesiell del av ein marknad, ein såkalla nisje. Fokuset blir då å pleie kundegruppa for dette eine segmentet.

Til dømes fokuserer klokkeprodusenten Rolex på eit lite, men kjøpekraftig segment. Det same gjer bilprodusenten Lamborghini.

Individuell

Individuell segmentering er tilpassa behov og preferansar hos individuelle kundar. Vi kan seie at det er det motsette av udifferensiert marknadsføring.

Når det gjeld individuell segmentering, kan det til dømes vere snakk om eit produkt heilt utanom det vanlege.

Eit døme

Under koronapandemien i 2020 produserte juvelérfirmaet Yvel i Israel ei ansiktsmaske av gull og diamantar til ein kunde. Sluttsummen enda på dryge 13,3 millionar kroner. Er du nysgjerrig på korleis dette munnbindet ser ut? Du kan sjå bilete av munnbindet i ein artikkel frå resett.no.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper