Hopp til innhald

Fagstoff

Segmenteringsvilkår

Kva vurderingar gjer ei verksemd for å finne ut om eit segment er verdt å satse på?
Hand som holder forstørringsglas. Inne i glaset ser ein andleta til fleire menneske med forskjellig kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vilkår for segmentering

For å finne ut om eit segment er verd å satse på, kan vi sjå på om segmentet er:

  • målbart
  • lønnsamt
  • tilgjengeleg
  • differensiert
  • handterbart

Målbart

Det kan vere nyttig å finne kjenneteikn ved utvalde segment, til dømes kor store dei er, og kva handlevanar dei har.

Marknadsundersøkingar og digitale verktøy for målgruppeanalyse kan vere til hjelp for å måle ulike kjenneteikn ved utvalde segment. Vi kan til dømes ved hjelp av Google Analytics måle nettaktiviteten til ungdom eller andre segment som vi vil undersøkje.

Det finst mange måtar å innhente tal på. Om ein til dømes ser på segmentet hundeeigarar i Noreg, kan vi ta utgangspunkt i talet på hundar. Ein måte å berekne talet på hundar på er å sjå på medlemstalet til Norsk Kennel Klub, sidan alle hundar skal vere registrerte der.

Statistisk sentralbyrå (SSB) er ofte ei svært nyttig kjelde. Dei har statistikk som kan vere med og identifisere kor mange som er i eit visst segment ut frå til dømes geografiske og demografiske kriterium som kjønn, alder, bustad, inntekt, utdanning og yrke.

Statistikk hos SSB

Offisiell norsk statistikk finst på Statistisk sentralbyrås nettside.

Lønnsamt

For at eit segment skal vere attraktivt, må det vere lønnsamt. Vi kan seie at eit segment må omfatte så mange kundar at storleiken på salet gjer det mogleg å tene pengar. Små segment kan òg vere lønnsame dersom fortenesta for kvar eining som blir seld, er stor.

Leverandørar av prestisjeprodukt som Omega-klokker eller Porsche-bilar kan til dømes satse på svært rike personar, som er eit lite, men lønnsamt segment.

Tilgjengeleg

Før vi vel eit segment, må vi vere sikre på at vi kan kommunisere med målgruppa. Det kan til dømes vere vanskeleg for ei lita norsk verksemd å kommunisere med segment i andre verdsdelar. Det er viktig at segment er tilgjengelege. Segment vi ikkje kan nå gjennom kommunikasjonskanalar, er ikkje verde å satse på.

Differensiert

Eit segment må skilje seg vesentleg frå andre segment for at det skal vere formålstenleg å ha det som eit eige segment. Med det meiner vi at det må ha spesielle kjenneteikn som vi kan nyttiggjere oss i marknadsføringsarbeidet.

Tenk over

Trur du det vil ha noko for seg å skilje mellom einslege og gifte kvinner som segment? Eller trur du at kvinner stort sett kjøper det same, uavhengig av sivilstatus?

Handterbart

Segmentet må vere slik at det kan handterast med dei ressursane verksemda har til rådvelde. Verksemda må ha nok tilsette og riktig kompetanse og teknologi til å betene kundane.

For mindre verksemder er det ikkje nødvendigvis alltid formålstenleg å konsentrere seg om store segment, men kanskje betre heller å satse på eit mindre segment. Eit døme kan vere kafé-konseptet Oslo Raw, som har eit relativt lite segment sidan dei berre tilbyr vegansk mat.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper