Hopp til innhald

Fagstoff

Influensarmarknadsføring av lureproduktet «Shoestone»

Marknaden for treningsutstyr er enorm. Kva skjer når ein influensar blir beden om å promotere eit lureprodukt?
Gutt tøyer ut etter trening. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andreas Wahl, programleiar for Folkeopplysningen på NRK, bestemde seg for å lage sitt eige produkt, «Shoestone». Produktet «Shoestone» er eit lureprodukt – det er ikkje noko anna enn steinar i skoa, pakka inn i ein lekker boks.

Ei som blei med på lureriet, er influensaren Kristine Aure.
Planen gjekk ut på at ho skulle reklamere for steinane, lenkje til nettsida til «Shoestone» og opplyse om at dei var «utseld», men at det var mogleg å setje seg på venteliste.

Kristine Aure får tilbod om å reklamere for treningsprodukt kvar veke, og ho har uttalt følgjande:

Eg ser at det blir reklamert for veldig mykje rart, og folk blir lurte. Eg ønskjer å fokusere på kor enkelt det er å få folk til å kjøpe eit produkt som ikkje verkar.

I filmen nedanfor, frå 03:21–04:41 og 37:45–39:15, kan du sjå korleis Kristine Aure blir med og promoterer lureproduktet.

Tenk over

Er du overraska over at mange sette seg opp på venteliste for å kjøpe lureproduktet «Shoestone»? Kvifor/kvifor ikkje?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2021

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar