Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Influensarar og marknadskommunikasjon

Mange bedrifter bruker influensarar for å promotere produkta sine. I denne oppgåva skal du vurdere og diskutere influensarrolla.
Jente med rosa kjole. Mens det fell hjarte ned over ho, held ho ei stor raud snakkeboble med eit hjarte på, som illustrerer likes på Instagram. Foto.

Oppgåver:

  1. Forklar med eigne ord kva ein influensar er.
  2. Vurder kvifor du trur at så mange av oss blir påverka av influensarar.
  3. Forklar med eigne ord kva som blir meint med influensarmarknadsføring.
  4. Kvifor trur du at mange bedrifter vel å nytte influensarar i marknadskommunikasjonen sin?
  5. Det finst fleire verksemder som legg til rette for samarbeid mellom annonsørar og influensarar. Sjå om du kan finne døme på slike verksemder, og sei noko om korleis dei arbeider.
  6. Diskuter følgjande påstand med ein eller fleire medelevar: «Det er viktig for meg berre å følgje influensarar som viser klart og tydeleg om innlegg er kjøpte og betalte.»

Relatert innhald

Mange av oss blir påverka av influensarar. Men kva kjenneteiknar influensermarknadsføring, og korleis jobbar influensarbransjen for å påverke oss?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2021

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar