Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering av emnet medieaktørar og mediesjangrar

Kva er forskjellen på journalistikk og marknadskommunikasjon, og kva skil redaksjonelle og ikkje-redaksjonelle medieaktørar? Sjekk punkta og få oversikt over kva du kan om medieaktørar og mediesjangrar.
Ein person på trikken les VGs nettavis på nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva har du lært? Sjekk kunnskapane dine om medieaktørar og mediesjangrar

  • Eg veit kva som kjenneteiknar og skil redaksjonelle og ikkje-redaksjonelle medieaktørar.

  • Eg kan gjere greie for omgrepet medieaktør og veit kva som skil redaksjonelle og private medieaktørar.

  • Eg veit korleis eg kan skilje mellom ulike mediesjangrar, og kan drøfte forskjellar mellom journalistikk, marknadskommunikasjon, informasjon og underhaldning.

  • Eg veit kva kjenneteikn og sjangertrekk eg kan ta utgangspunkt i når eg skal vurdere kva sjanger eit medieuttrykk tilhøyrer.

  • Eg kan dele medietekstar inn i ulike kategoriar etter kva funksjon og føremål stoffet har.

  • Eg har kjennskap til korleis kritisk mediekompetanse bidreg til å meistre og forstå ulike medieuttrykk.

Sentrale omgrep

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar