Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter atypiske nyheitssjangrar

Innanfor journalistikken har det vore prøvd ut nye måtar å formidle fakta på. Kva for sjangertrekk har medieuttrykket? Diskuter korleis og kvifor journalistiske sjangrar er i utvikling.
Nettstad for ei lita verksemd. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå gjennom og vel eitt av døma:

Svar på spørsmål

  1. Til kva sjanger høyrer medieuttrykket? Informasjonssøkjeteneste, redaksjonell og/eller brukarorientert sjanger?
  2. Kva for journalistisk sjanger ligg nærast?
  3. Journalistikk har som føremål å formidle fakta. Beskriv innhaldet og tematikken. Kva for sjangerkonvensjonar er brukte i formgiving, komposisjon og navigasjon?
  4. Hva er føremålet med dette journalistiske arbeidet?
  5. Kvar ville du plassert sjangeren dersom du skulle kaste lys over han i eit medieutviklingspespektiv?

Hugsar du?

  • Ein gjenskapt sjanger er basert på ein sjanger som finst i analoge medium, som til dømes avis og leksikon.
  • Varianten av ein sjanger har opphav i ein analog sjanger, men inneheld element som er spesifikke for nettet, til dømes når video er brukt i ein avisartikkel.
  • Ein vidareutvikla sjanger er heilt avhengig av nettet, men minner om kjende sjangar, til dømes når du lagar di eiga nettavis gjennom kuratortenester som Flipboard eller Feedly.
  • Ein spontan sjanger finst det ikkje samsvar til i tidlegare medium. Nettkamera, nettbutikkar eller sosiale kart eller snapchat-innlegg er nokre døme.

Diskuter sjangeren

  1. Kva for sjangertrekk har medieuttrykket? Presenter ei oppsummering av svara de er komne fram til i større grupper.
  2. Diskuter vidare korleis, kvifor og i kor stor grad journalistiske sjangrar er i utvikling.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2018

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar