Hopp til innhald

Fagstoff

Kategorisering av nettsjangrar

Den første tida etter at vi byrja å bruke internett, var det tydelegare skilnader mellom nettsjangrane. No er skilja meir utydelege. Det er ikkje lenger gitt at grenseoppgangen går mellom redaksjonelle og brukarorienterte nettsjangrar.
Hand som trykkjer ein knapp for navigasjon på nett. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fram til rundt år 2000 var det klare skilje mellom ulike nettsjangrar. Typiske sjangar som oppstod tidleg var heimesider, nettaviser, nettmagasin, portalar, nettkatalogar, forum og søkjemotorar. Definerte sjangrar kjenneteikna ved at innhaldet var skapt av brukarane, var bloggar, diskusjonsforum, nettsamfunn og tenester for deling av bilete, meldingar, musikk og video.

Grenseoppgangane er ikkje lenger så tydelege. VG byrja som ei avis på nett, men no tilbyr dei også kommentarfunksjonar og diskusjonsforum. Facebook byrja som eit sosialt nettverk der venner og kjende delte bilete og meldingar, men er blitt kommersiell og blir no brukt til aktiv marknadsføring av produkt og tenester.

Nettstad vs. nettsjanger

  • Ein nettstad har ei konkret nettadresse og kan vere eit døme på eit medieuttrykk innanfor ein gitt sjanger.
  • Ein nettsjanger er ei kategorisering av nettstader med like særtrekk.

Kategorisering av nettsjangrar

Vi skil mellom dei overordna kategoriane informasjonsøkjetenester, redaksjonelle nettsjangrar og brukarorienterte nettsjangrar.

Internett tek opp i seg alle tidlegare medieuttrykk, og derfor kan det i nokon samanhengar også vere oppklarande å sjå på tradisjonelle kategoriseringar av mediesjangrar. Det kan vere nyttig å leite etter sjangerkonvensjonar frå faktabaserte og fiktive sjangrar, og frå tradisjonelle sjangrar innanfor journalistikk, marknadskommunikasjon og underhaldning.

Fordi internett har ein så sterk nettverksdynamikk, kan nettstader ha trekk, sjangerkonvensjonar og funksjonar frå fleire kategoriar på ein gong.

Informasjonssøkjetenester

Når ein søkjer på nett, kan ein raskt sile ut enorme mengder informasjon. Utan søkjemotorar ville ikkje nettet og informasjonen som finst der ha den same verdien.

Ein søkjemotor gjer det mogleg for deg å søkje etter bestemte nettstader, dokument, databasepostar eller filtypar på internett. Eit søkjeord er eit ord eller ei samanstilling av ord som blir brukt til å søkje etter informasjon som fyller bestemte kriterium. Gjennom søkjemotorar som Google og Finn.no kan du dermed finne innhaldet du er ute etter.

Ein nettportal samlar og gir oversikt over ulike nettkjelder. Nettportalen har ofte eigne temasider og ei eiga nyheitsteneste. Vilbli.no, utdanning.no og Norge.no er nokre døme på offentlege nettportalar.

Redaksjonelle nettsjangrar

Bedrifter og organisasjonar har som regel ein eigen nettstad. Nettstaden blir brukt til å presentere verksemda, tilsette, tenester og produkt. Nokre døme er Norsk form, Vålerenga fotball og Trondheim kommune.

Nettaviser publiserer redaksjonelt med utgangspunkt i journalistiske prinsipp nedfelte i Ver Varsam-plakaten og Redaktørplakaten. Så godt som alle norske papiraviser finn du òg på nett.

Ein nettbutikk sel varer eller tenester over nettet. Kundane kan velje produkt dei vil kjøpe. Kvart produkt har informasjon om pris, og du kan leggje produktet til kjøp. Nettbutikken tilrår ofte andre produkt som følgje av produktvalet ditt.

Redaksjonelle nettsjangrar

  • har profesjonelle avsendarar og eit innhald som er godkjent av ein ansvarleg redaktør.
  • kan vere offentlege, idealistiske eller heilt eller delvis kommersielle.
  • har ofte innhald produsert og publisert av profesjonelle yrkesutøvarar med klart avgrensa fagfunksjonar, som journalist, tekstforfattar, fotograf, designar eller redaktør.
  • brukar ofte ei publiseringsløysing, eit system der ein kan leggje inn tekst, bilete og andre element.

Brukarorienterte nettsjangrar

Brukarorienterte nettsjangrar har innhald som er produsert av brukarane åleine eller i fellesskap.

Personlege bloggar og Youtube-kanalar blir som regel oppretta og drive av privatpersonar. Bloggarar og Youtubarar publiserer personlege meldingar, gjerne innanfor eit gitt interesseområde. Dersom dei oppnår ein viss popularitet kan kanalar bli interessante for reklameformidling. Og det er ikkje uvanleg at dei etter kvart blir kommersialiserte og profesjonaliserte.

I sosiale medium som Facebook, Twitter og Snapchat, blir meldingar utveksla og innhald delt mellom brukarane av SoMe-tenesta. Innimellom straumen av personlege delingar og meldingsutvekslingar ligg det reklame og sponsa meldingar.

Den første norske versjonen av Wikipedia blei oppretta i 2001. Wikipedia er eit nettleksikon som i hovudsak er skapt og drifta av frivillige forfattarar og redaktørar. Leksikonet er ope tilgjengeleg for alle med internett-tilgang. Du kan betale eit bidrag dersom du ønskjer å støtte drifta av ressursen.

CC BY-SASkrive av Jon Hoem.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar