Hopp til innhald

Fagstoff

Journalistiske sjangrar

Ein journalistisk sjanger byggjer på etterprøvbare fakta og fortel om hendingar som verkeleg har funne stad. Vi skil mellom objektiv og subjektiv journalistikk, og vi kan dele journalistiske sjangrar inn i tre hovudgrupper: nyheiter, feature og kommentarar.
Ein kvinneleg journalist med svart hatt, dress og eit kamera hengande over skuldra intervjuar ein mann i blå, rutete skjorte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når journalisten har henta inn informasjon frå ulike kjelder, er tida komen for å lage det journalistiske produktet. Journalisten må velje ein passande sjanger til innhaldet.

Objektive og subjektive sjangrar

Ein objektiv tekst byggjer på etterprøvbare fakta, og han gir ikkje uttrykk for journalisten sine eigne meiningar. Subjektiv journalistikk blir òg kalla for meiningsjournalistikk, her kjem journalisten si eiga meining til syne. Sjølv om innhaldet er personleg og prega av synspunkta til journalisten, er det viktig at journalisten held seg til fakta. Nokre objektive sjangrar låner element frå subjektive sjangrar, og desse kallar vi hybridsjangrar.

Tre hovudkategoriar

Ein journalistisk sjanger skil seg frå andre medietekstar ved at han fortel om hendingar som verkeleg har funne stad, og han byggjer på etterprøvbare fakta. Vi kan dele journalistiske sjangrar inn i tre grupper:

  • nyheiter, objektive sjangrar

  • kommentar/meiningsytringar, subjektive sjangrar

  • feature, hybridsjangrar

Ei kvinne med jakke og skjerf står i ei gate og noterer på ei notisblokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1) Nyheiter, objektive sjangrar

Objektiv journalistikk byggjer på etterprøvbare fakta og lèt fleire partar kome til orde. Objektive sjangrar dokumenterer påstandar og gir ikkje uttrykk for journalisten sine eigne meiningar. Nyheitsartikkel, notis og bakgrunnsartikkel er nokre døme på objektive sjangrar.

Nyheitsartikkel

Nyheitsartikkelen er den vanlegaste avissjangeren. Nyheitsartikkelen fortel fakta om noko som har hendt, og belyser ofte hendinga frå ulike sider. Teksten skal gi svar på spørsmåla kven, kva, kvar, når, kvifor og korleis og blir utforma i ein omvend pyramidestruktur, der det viktigaste kjem først.

Nyheitssaker i radio og TV

I radio og på TV er det ofte nyheitssakene som formidlar informasjon om aktuelle hendingar. Nyheitsinnslaga er gjerne korte og består av aktuelle intervju, som blir knytte saman av voicer/blokker. Ein voice eller ei blokk er eit samandrag av informasjon som journalisten har fått frå ulike kjelder.

Lytt til nyheitssaka «Stortinget rammet av dataangrep» på NRK Nyheitsmorgon.

Nyheiter i kortform

På radio og TV blir ofte nemninga nyheitsmelding brukt om nyheiter i kortform. Nyheitsmeldingar blir lesne opp av ein programleiar i studio og blir ofte brukte i korte nyheitssendingar på radio og TV.

Avis-notisen er ei usignert melding i tekstform, med kort og effektiv informasjon som formidlar kjernen i nyheita. Sjå dømet under:

KVINNE (19) OMKOM I BILULYKKE

To personer var torsdag morgen i 7-tiden involvert i en frontulykke mellom en personbil og lastebil i Nesbyen i Hallingdal. Fører av personbilen, en 19 år gammel kvinne, omkom i ulykken, opplyser politiet. Pårørende er varslet.

Kilde: VG Nyheter

Bakgrunnsartikkelen

Bakgrunnsartikkelen er òg ein objektiv sjanger, han fortel om bakgrunnen for det som har hendt. Det kan vere historiske hendingar, vitskaplege teoriar eller politiske avgjerder som er viktige for å forstå dei dagsaktuelle hendingane.

Sjangeren finn vi òg att i aktualitetsprogram i radio og TV, til dømes Urix på NRK1 eller Kort fortalt, som er retta mot unge.

2) Kommentar/meiningsytringar, subjektive sjangrar


I subjektive sjangrar kjem journalisten si eiga meining til syne. Sjølv om innhaldet er personleg og prega av synspunkta til journalisten, er det viktig at journalisten held seg til fakta. Døme på subjektive sjangrar er kommentarar og meiningsytringar.

Kommentar

Ein kommentar gir uttrykk for journalisten sine oppfatningar av ei sak, han er personleg og subjektiv, og han er gjerne basert på utfyllande bakgrunnskunnskap. Kommentarar blir ofte presenterte i ei eiga spalte.

Leiar

Leiarartikkelen er ein kommentar frå redaktøren eller redaksjonen om ei aktuell sak eller hending. Leiarartikkelen har ein fast plass i avisa og er oftast ramma inn og skild ut på ein tydeleg måte. Leiaren legg fram avisas offisielle syn på aktuelle saker. Det er ofte sjefredaktøren som står bak leiarartikkelen, men han kan òg vere produsert av andre i redaksjonen.

Relatert innhald


Ein ung mann skriv på eit nettbrett mens bokstavar svevar i lufta rundt han. Foto med grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

3) Feature, hybridsjangrar

Feature-reportasje og portrettintervju blir kategoriserte som hybridsjangrar, det vil seie objektive sjangrar som låner element frå subjektive sjangrar. Dette er sjangrar med ein personleg vri, men dei byggjer på etterprøvbare fakta.

Feature-reportasje

Feature-reportasjen kan beskrivast som ein mellomting mellom ein journalistisk og ein litterær tekst. Journalisten bruker litterære verkemiddel for å gi lesaren eller lyttaren både ei intellektuell og ei kjenslemessig oppleving.

Sjangeren er vanlegast i helgebilaga til avisene og krev at journalisten har god tid og ei spesiell evne til å formulere seg. Featurejournalistikk blir derfor omtalt som journalistikkens Rolls-Royce.

Les denne feature-reportasjen frå NRK: Nå vil Sara prøve på nytt.

Portrettintervju

Målet med eit portrettintervju er å gå i djupna og gi publikum ny kunnskap om ein aktuell person i nyheitsbiletet. Dette er ein sjanger der journalisten bruker sansar og litterære verkemiddel for å lage saka.

Portrettintervju med Sophie Elise i magasinet Elle.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen, Ragna Marie Tørdal og Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar