Hopp til innhald

Fagstoff

Mediepåverknad frå influensarar

Ein influensar kan nå mange med innlegga sine og har dermed makt til å påverke haldningar og handlingsmønster hos ei stor målgruppe. Dette gjer dei til attraktive reklameprofilar. Som opinionsleiarar har influensarane òg eit samfunnsansvar.
Sophie Elise Isachsen held ein blomebukett og eit diplom og snakkar i mikrofon på prisutdeling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Attraktive reklameprofilar

Ein influensar er ein person som ytrar seg offentleg i sosiale medium for å påverke følgjarane sine. Reklamebransjen har no flytta ein stor del av marknadsføringa over på sosiale mediekanalar og bruker influensarar i marknadsføringa av ulike produkt.

Influensarmarknadsføring kan beskrivast som marknadsføring der ein annonsør engasjerer ein influensar. Influensaren skal profilere produkta eller tenestene til annonsøren og får ei avtalt godtgjersle. Det sponsa reklameinnhaldet blir publisert på ulike digitale plattformer, som Instagram, YouTube, Snapchat, Facebook og TikTok.

Tenk over

Har du nokon gong kjøpt eit produkt som blei anbefalt av ein influensar?

Breitt utval av kategoriar

Influensarar produserer reklame for fleire hundre millionar kroner i året, og det er ikkje berre mote- og skjønnheitsprodukt dei marknadsfører. Influensarar samarbeider med annonsørar i eit breitt utval kategoriar. Treningsbloggar og influensar Jørgine Massa Vasstrand er kjend under namnet Funkygine. Instagram-posten under er eit resultat av eit reklamesamarbeid med ein brødprodusent. Slik presenterer ho sitt nylanserte Fiberbrød på Instagram:

Å jobbe som influensar

Mange influensarar er sjølvstendig næringsdrivande og tener godt med pengar på verksemda si. Arbeidsoppgåvene går ut på å produsere og publisere videoar, tekstar og bilete, og dette krev at dei er aktivt til stades i sosiale medium. Målet er å skape eit godt forhold til målgruppa og byggje opp ei merkevare over tid. Men mange av dei største profilane har avtalar med fleire annonsørar samtidig, og dette kan svekkje truverdet til både influenseren og merkevara.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein influensar
  • produsere og publisere innhald på vegner av annonsørar
  • ta bilete, lage video, skrive omtale
  • marknadsføre produkt
  • vere aktivt til stades i sosiale medium
  • kundepleie og kundekontakt: pleie noverande kundar (annonsørar) og jobbe for nye avtalar
  • gjennomføre kundeaktivitetar og arrangement
  • mediehandtering

Kjelde: Utdanning.no

Digitale opinionsleiarar med ansvar

Ein influensar kan nå mange med innlegga sine og har dermed makt til å påverke haldningar og handlingsmønster hos ei stor målgruppe. Internettprofilar med mange følgjarar kan kallast digitale opinionsleiarar. Ein opinionsleiar er ein person som øver innverknad på andre sine haldningar eller påverkar avgjerdene deira.

Fleire influensarar har fått kritikk for å produsere innhald som bidrar til å skape kroppspress og gi ungdommar negativt sjølvbilete. Som opinionsleiarar har influensarane samfunnsansvar. Sidan dei når ut til mange med medieinnhaldet sitt, er det viktig at dei går føre som gode rollemodellar.

Vi reagerer ulikt på mediepåverknad frå influensarar. Forsking viser at korleis du oppfattar det som blir sagt eller skrive, er avhengig av kven du er, og av kva slags bakgrunn og erfaringar du har.

Merking av reklame i sosiale medium

Det kan gjerne verke som om influensarar viser tilfeldige glimt frå kvardagen sin. I røynda er innlegga ofte nøye planlagde og regisserte. For publikum kan det vere vanskeleg å skilje mellom reklame og ikkje-kommersielle innlegg, fordi sponsa innhald blir blanda saman med dei private innlegga frå influensaren.

Det er viktig at influensarane følgjer lover og reglar for merking av reklame i sosiale medium. Det skal vere eit klart og tydeleg skilje mellom sponsa innhald og private innlegg. Forbrukartilsynet skal forhindre ulovleg marknadsføring i Noreg. Tilsynet jobbar med mange saker som gjeld uetisk og dårleg merkt reklame på sosiale medium.

Set deg inn i lover og reglar for merking av reklame på sosiale medium:

Kjelder

Fagutvalet for influensermarkedsføring (2020, 26. oktober), henta frå https://fim.as/62330-Om-Fim

NRK TV (2020), Innafor, henta frå https://tv.nrk.no/serie/innafor/2020/mddp12100320

United Influencers (2020, 26. oktober), henta frå https://unitedinfluencers.no/2019/12/03/er-de-storste-trendene-innen-influencer-markedsforing-2020/

Utdanning.no. (2020, 26. oktober), henta frå https://utdanning.no/yrker/beskrivelse/influenser

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2020

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar