Hopp til innhald

Fagstoff

Tradisjonelle og nye sjangrar på nett

Nettet tek opp i seg tradisjonelle sjangrar. Samtidig oppstår det nye sjangrar og kombinasjonar av sjangrar. Særmerkt for nettet er det òg at du kan veksle mellom å vere brukar, mottakar og sendar av innhald.
Kvinner ropar ut gjennom ei nettside på data og i mobil. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det meste som finst av musikk, filmar, bøker og radioprogram, finn du òg på nett. Medieuttrykk som oppstod i analoge kanalar, som sportssendingar i radio, debattprogram på TV eller spelefilmar kan du hente fram via nettlesarar og appar. Vi finn såleis tradisjonelle sjangrar lagra og formidla på nett gjennom mellom anna abonnements- og straumetenester.

I tillegg har det oppstått nye sjangrar, som nettstader, bloggar og nettforum. Desse medieuttrykka er spesifikke for nettet, dei fanst ikkje før Internett.

På nett er det vanleg med krysskoplingar mellom sjangrar. Nyheiter frå nettaviser bli delte som innlegg på Facebook, og nyheita får også ofte kommentarar knytt til seg der. Leksikon er eitt døme på ein sjanger som fanst tidlegare, men som har funne nye former på nett. Eit anna døme er TV-serien Skam. Då den ble send for første gong, gjekk det føre seg handlingar i sosiale medium samtidig med at forteljinga i serien blei vist i tradisjonelt fjernsyn.

Brukar, mottakar og sendar av medieuttrykk

Nettet skil seg frå analoge medium ved at mottakaren ikkje berre er publikum eller lesar, men òg ein brukar og produsent av medieuttrykk. Når du er på nett, eller brukar ein app, byter du mellom ulike modi. Du navigerer, du les, du publiserer, du ser, du navigerer igjen, du handlar osv. Mange nye særtrekk ved gamle mediesjangrar som er å finne på nett, har å gjere med brukarorientering og vekslinga mellom ulike modi i møte med medieuttrykket.

Nettet har såleis eigenskapar som gjer at ei informasjonsside om klede er kopla til ein nettbutikk, eller at ein omtale av ein film også gir deg ein trailer å sjå på og fører deg vidare til tidspunkt for når filmen går, og på kva for kino.

Alle som er kopla til internett, er automatisk kopla opp til kvarandre og dei tenestene og innhaldet som er tilgjengeleg her. Nettverket er bygd ut som breiband, trådlause nettverk og 4G, og informasjon blir send mellom servarar, datamaskinar, nettbrett og mobiltelefonar. Denne teknologiske riggen gjer at ein på ein fleksibel måte kan veksle mellom brukar-, mottakar- og sendarmodus.

Konvergens eller samansmelting av medium

Alt som kan digitaliserast, finn du òg på nett. Vi kallar det for konvergens eller samansmelting av medium og tenester. Denne prosessen høyrer til ein periode i medieutviklinga som kom i gang rundt tusenårsskiftet og som framleis varer.

Konvergens skjer på fleire område og har noko å seie for utviklinga av nettsjangrar. Vi skil mellom anna mellom

  • konvergens av innhald og tenester.
  • konvergens av nettverk. Internett kan til dømes nyttast til telefoni.
  • konvergens av terminalar. Du kan sjå fjernsyn på mobil og høyre radio på ein datamaskin.

Konvergens fører mellom anna til nye trekk ved gamle sjangrar, nye kombinasjonar av sjangrar og nye sjangrar.

Utvikling av nettsjangrar

Det kan såleis vere nyttig å sjå på korleis utviklinga av nettsjangrar er knytt til tradisjonelle, analoge sjangrar.

Vi kan skilje mellom gjenskapte, variantar, vidareutvikla og spontane nettsjangrar:

  • Ein gjenskapt sjanger er basert på ein sjanger som finst i analoge medium, som til dømes avis og leksikon.
  • Varianten av ein sjanger byggjer på ein analog sjanger, men inneheld element som er spesifikke for nettet, til dømes når video er brukt i ein avisartikkel.
  • Ein vidareutvikla sjanger er heilt avhengig av nettet, men minner om kjende sjangrar, til dømes når du lagar di eiga nettavis gjennom kuratortenester som Flipboard eller Feedly.
  • Spontane sjangrar finst det ikkje samsvar til i tidlegare medium. Nettkamera, nettbutikkar eller sosiale kart eller snapchat-innlegg er nokre døme.

Kategoriseringa er henta frå Sheperd og Watters (1998).

Å skildre ein nettsjanger

Du hugsar kanskje at ein sjanger byggjer på sosiale konvensjonar, og at han er ein slags avtale mellom avsendar og mottakar. Derfor er det òg knytt konvensjonar til sjangrar. Fellestrekk ved medieuttrykk gjer at dei høyrer til i ein sjanger. Det medverkar til at du som mottakar eller brukar får like forventningar til medieuttrykk som liknar kvarandre.

Vi finn både tradisjonelle og nye sjangertrekk ved medieuttrykk på nett. Det gir derfor meining å skildre eit medieuttrykk innanfor ein nettsjanger med det same utgangspunktet som for tradisjonelle mediesjangrar. Du kan skildre nettsjangrar etter kjenneteikn knytt til

  • relasjon til røynda, om det er fakta eller fiksjon, eller ein kombinasjon
  • innhald og tematikk
  • særtrekk ved formgiving og komposisjon og navigasjon
  • føremål
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar