Hopp til innhald

Fagstoff

Influensarmarknadsføring

Mange av oss blir påverka av influensarar. Men kva kjenneteiknar influensarmarknadsføring, og korleis jobbar influensarbransjen for å påverke oss?
Kendall Jenner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

Kva er dei tre første namna du tenkjer på når du høyrer ordet influensar?

Følgjer du nokon influensarar på sosiale medium, og har du blitt påverka til å meine, like eller kjøpe noko?

Kva er influensarmarknadsføring?

Influensarar har ein posisjon som gjer at dei påverkar kva andre meiner, liker eller kjøper. Dei er førebilete og kan tene godt på påverknadskrafta si.

Influensarmarknadsføring er ei form for marknadsføring der ein annonsør nyttar seg av ein eller fleire influensarar i marknadskommunikasjonen. Formålet med denne typen marknadskommunikasjon kan til dømes vere merkevarebygging eller å auke salet ved å knyte bestemde produkt til influensarar som har påverknadskraft på målgruppa.

Å nå ei målgruppe gjennom influensarar

Ved å dra nytte av tilliten og truverdet influensarane har som trendsetjarar og førebilete for dei lojale følgjarane og beundrarane sine, kan ein nå ut til og påverke målgruppene for produkta meir effektivt.

Influensarmarknadsføring kan til dømes gå føre seg i form av produktplassering i bilete og videoar som blir publiserte på influensaren sine kanalar på sosiale medium. Det kan òg vere å betale influensarane for å fremje og tilrå visse varemerke i tekstane sine og ulike innlegg på sosiale medium. I videoen nedanfor får du eit lite innblikk i korleis klesmerket Ball nyttar influensarmarknadsføring:

For å forenkle det litt er prinsippet med denne marknadsføringsforma det same som om ein ven tilrår deg å prøve ein ansiktskrem eller eit spesielt merke. Dersom du stoler på dømmekrafta til personen, vil mest sannsynleg dette rådet eller denne tilrådinga påverke deg sterkare enn ein reklame for det same produktet ville ha gjort.

Influensarmarknadsføring fungerer på den same måten, slik at du kan målrette mot eit publikum av likesinna menneske som følgjer ein person dei ser opp til og stoler på.

Karen Elene Thorsen, kjend som Fattig student

I filmen nedanfor får vi eit innblikk i korleis influensaren Karen Elene Thorsen, kjend som Fattig student, jobbar med marknadsføring via sosiale medium, og i arbeidet hennar med appen Sulten.

Karen Elene Thorsen fortel òg om kvifor ho starta Instagram-kontoen "fattig.student", og på kva måte det å finne løysingar for å kaste mindre mat er godt for både miljøet og lommeboka.

Jenny Skavlan prøver å skape ny trend

Veit du kva ein bolero er? Enkelt sagt er ein bolero ei kort jakke som endar under brystet. I episoden nedanfor av NRK-serien Avkledd får Jenny Skavlan hjelp av fleire influensarar til å prøve å skape ein ny trend ved å relansere boleroen. Trur du dei lykkast?

I den relaterte artikkelen nedanfor kan du sjå NRK-dokumentaren "Influenser". I dokumentaren undersøkjer NRK-programleiar Vilde Bratland Erikstad korleis influensarbransjen jobbar for å påverke deg.

Tenk over

Synest du det kan vere vanskeleg å sjå kva slags innhald som er kjøpt og betalt, når du rullar gjennom Instagram-feeden din? Kva tenkjer du om dette?

Relatert innhald

I dokumentaren «Influenser» undersøkjer NRK-programleiar Vilde Bratland Erikstad korleis influensarbransjen jobbar for å påverke deg.

Kjelder

Ebrahimi, A., Erikstad, V.B. og Kumano-Ensby, A.L. (2020, 19. september). Det påvirkerbransjen ikke viser deg. NRK. https://www.nrk.no/dokumentar/xl/det-pavirkerbransjen-ikke-viser-deg-1.15160391

Influenser. (2020, 21. mai). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/influenser

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2021

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar