Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tek influensarar samfunnsansvar?

Influensarar har makt til å påverke haldningar og oppfatningar i samfunnet. Men tek dei ansvar for det dei legg ut?
Ein vloggar strømer ein video direkte frå ei togplattform. Fotomontasje.

Ein influensar kan nå mange med innlegga sine og har dermed makt til å påverke haldningar hos ei stor målgruppe. Mens nokre influensarar får kritikk for å produsere innhald som bidreg til å gi folk negativt sjølvbilete, viser andre etisk bevisstheit om innhaldet dei produserer. Etisk bevisstheit går ut på å vise ansvar, vege ulike omsyn mot kvarandre og reflektere.

Oppgåve: Tek influensarar samfunnsansvar? Digital presentasjon

  1. Gjer research på ulike sosiale medium. Ta for deg profilane til norske influensarar med mange følgjarar.
  2. Finn døme på influensarar som bruker påverknadskrafta si til noko positivt for samfunnet.
  3. Vel ut ein influensar, og lag ein digital presentasjon. I presentasjonen går du inn på desse punkta:

    • Kven: Presenter influensaren med namn, bilete, følgjartal og så vidare.
    • Målgruppe: Definer målgruppa til influensaren.
    • Publiseringskanal: Kva for nokre sosiale medium bruker influensaren til å publisere innhald? Vis til konkrete døme.
    • Kommunikasjon: Korleis kommuniserer influensaren til følgjarane sine? Vis til konkrete døme.
    • Etisk bevisstheit og samfunnsansvar: På kva måte viser influensaren etisk bevisstheit og samfunnsansvar rundt innhaldet han eller ho presenterer? Vis til konkrete døme frå publiserte innlegg.
  4. Hald presentasjonen for resten av klassen.
  5. Munnleg aktivitet: Still spørsmål til klassen etter at du er ferdig med presentasjonen. Her er nokre døme på spørsmål du kan stille:

    • På kva måte kan denne influensaren påverke haldningar og oppfatningar i samfunnet?
    • På kva måte er denne influensaren ein god rollemodell?
    • På kva måte blir de påverka av influensarar?
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 06.11.2020

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar