Hopp til innhald

Fagstoff

Podkast om influensarmarknadsføring

Ein annonsør, som skal betale nokon for å tilrå produktet sitt, ønskjer å treffe riktig målgruppe. Det finst fleire verksemder som legg til rette for samarbeid mellom annonsørar og influensarar, som inzpire.me. Hos dei kan annonsørane velje blant 3 000 norske influensarar.
Jente ser på sosiale medium på mobilskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Yrja Oftedahl lagar podkasten Power Ladies. Episoden «Marie Mostad, Inzpire.me – om influencer markedsføring», har influensarmarknadsføring som tema.

Marie Mostad starta influensarmarknadsplassen inzpire.me i 2016, saman med medgründeren sin Mats Lyngstad. Ideen kom då ho sjølv jobba med marknadsføring og sleit med å finne riktig influensar.

På inzpire.me kan annonsørar enkelt gå inn og finne ein influensar dei matchar med. Dette kan du høyre meir om i podkast-episoden Marie Mostad, Inzpire.me – om influencer marknadsføring (podkast på Acast).

Tenk over


Mats Lyngstad, medgründer i influensarmarknadsplassen inzpire.me, har uttalt:

Eg tenkjer at influensarmarknadsføring verken er vondt eller godt. Det er korleis du jobbar med det og kva du gjer, som avgjer det.

Er du einig i fråsegna, og kvifor/kvifor ikkje?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2021

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar