Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Privat medieaktør og rollemodell

Emma Ellingsen er eit døme på ein privat ikkje-redaksjonell medieaktør. Som ein av Noregs største influensarar har ho makt til å påverke haldningar og oppfatningar i samfunnet. På kva måte bruker ho denne innverknaden?
Influensar Emma Ellingsen poserer framfor ein reklamevegg på Vixen Awards. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1) Undersøk

Gjer research på Emma Ellingsen. Finn ut kva for sosiale mediekanalar ho er aktiv i, og kor mange følgjarar ho har. Søk også etter saker om henne på ulike nyheitsnettstader.

Oppgåve 2) Vurder og reflekter rundt innhald

Søk etter innhald frå Emma Ellingsen i ulike sosiale mediekanalar. Ta for deg eit av innlegga, og vurder og reflekter rundt innhaldet.

  1. Kva er bodskapen til Emma Ellingsen i dette innlegget?

  2. Kven er målgruppa?

  3. Kva for verkemiddel er tekne i bruk for å nå fram til målgruppa?

  4. I kva sjanger og innhaldskategori vil du plassere medieuttrykket?

  5. Som influensar er Emma ein opinionsleiar og rollemodell. Kva slags omsyn må ho ta i samband med det?

  6. Emma Ellingsen er ein av dei største influensarane i Noreg. Korleis bruker ho innverknaden sin?

Oppgåve 3) Influensarmarknadsføring

Emma Ellingsen er ein attraktiv reklameprofil i sosiale medium og tener pengar på verksemda si. Leit etter reklame og annonsar i innlegga hennar.

  • Kva reklamerer Emma Ellingsen for?

  • På kva måte merkar ho dei sponsa innlegga sine?

  • Har Emma Ellingsen eit klart og tydeleg skilje mellom sponsa innhald og private innlegg på kontoane sine? Vis til konkrete døme.

  • Kvifor er det viktig at influensarar merkar reklameannonsane sine på ein tydeleg måte?

Oppgåve 4) Finn argument og diskuter

  1. Finn relevante og haldbare argument til påstandane nedanfor.
    (Som repetisjon kan du lese artikkelen "Kva er eit godt argument?")

  • Emma Ellingsen er eit viktig førebilete

  • Emma Ellingsen har eit samfunnsansvar som opinionsleiar

  1. Presenter argumenta dine for ein medelev.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-H.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2020

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar