Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Innsetjing av ytterdør

Målet med denne artikkelen er at når du har lese innhaldet, skal du kunne setje inn ei ytterdør i eit trehus etter dagens standard og å kunne velje ut passande ytterdør til einebustader. Først bør du ha sett inn ei innerdør, som er noko enklare.
Ytterdør i hus med trapp og rosebuskar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ytterdørene kjem i fleire variantar, prisklassar, fargar og fasongar. Det er viktig å tenkje på miljøet og klimaet ho skal stå i: Er det ute ved kysten eller innanlands? Ei ytterdør bør tole varierande årstider og klima, då ho alltid står utsett for harde vêrpåkjenningar. Derfor er det viktig at målinga og tettinga som er brukt, er motstandsdyktig i eit slikt miljø.

Val av ytterdør

Her er det viktig at det det blir tenkt på dørkvalitet og storleikar. Kvaliteten skal vere dokumentert gjennom CE-merking i samsvar med NS-EN 14351-1.

Ei fullstendig ytterdør har normalt dørblad, karm og hengslar inkludert frå produsenten.

Etter dagens krav skal ytterdører ha ei fri opningsbreidde på minimum 900 mm og fri høgde på minimum 2000 mm, så ei ytterdør som har ein storleik på 1000 mm x 2100 mm er innanfor dette kravet. Vi bruker òg modulmål når vi pratar om storleiken på ytterdører, og modulmålet vil i dette tilfellet vere 10 M x 21 M.

Det er viktig å tenkje på kva for retning døra skal gå utover når ein skal gå gjennom ho. Dette kallar vi for slagretning. Slagretninga vil du finne igjen på arbeidsteikninga til bygget. Det er viktig at ho slår utover, slik at ho vernar opninga for slagregn inn i bygget. I tillegg er det lettare å kome seg ut av bygget når døra slår utover viss det oppstår brann. Døra er i dei fleste tilfelle rekna som rømmingsveg.

Lagring før montering

Når ytterdøra kjem på byggjeplassen, må ho ofte blir lagra ei stund før ho kan monterast. Det er viktig at ho står eller ligg på eit plant underlag ved lagring. Området ho blir lagra i, må vere tørt og godt ventilert. Viss det er emballasjelekter direkte mot døra, bør desse blir fjerna, slik at det ikkje blir danna skilje mellom det opne og lukka feltet.

Veggopninga

Det er viktig at storleiken på opninga i veggen er større ein sjølve karmen til ytterdøra, og den bør vere minimum 20 mm større ein yttermåla til karmen. Her er det viktig å følgje dørprodusenten sine spesifikasjonar på minimum storleik rundt heile døra.

Bruker vi dørstorleiken som nemnt ovanfor, er døra 10 M x 21 M, som igjen vil seie at eigentleg karmstorleik er 990 mm x 2090 mm stor. Dermed bør veggopninga ha eit mål i treveggen på 1010 mm x 2110. Blir opninga mindre enn minimum 20 mm, vil tettinga rundt karmen, som blir gjort seinare, bli vanskelegare, og du kan risikere at det ikkje blir bra nok.

Verktøy

  • vater
  • bits og bitshaldar
  • batteridrill
  • rettholt på 2 meter
  • gardintrapp

Festemiddel

Skruar:

  • Til festing av dørkarm i trevegg bruker du skruar. Skruen bør vere korrosjonsbeskytta og ha ein tjukkleik frå 6 til 8 mm. Lengde på skruane må vere minimum 65 mm.

Kilar:

  • Saman med skruane må du bruke kilar for å få justert karmen riktig.

Montering

  1. Pakk ut døra og ta dørbladet ut av karmen. Her bør du ha ein hjelpar. Du skal først montere karmen. Vern dørbladet for skadar medan du held på med karmen.
  2. Sett karmen i riktig posisjon i veggen, midt i opninga og riktig avstand frå utvendig kledning. Frå utvendig kledning vil det variere om det er liggande eller ståande kledning (avsnitt og punktmarkering). På liggande kledning set du dørkarmen så langt ut som den kjem. Her må du leggje saman tjukkleiken på spikarlektene og kledning, slik at du finn ut kor langt du skal ut. Eit døme kan vere 22 mm spikarlekte x 19 mm kledning = 41 mm. Ytterkant karm blir i dette tilfellet 41 mm frå utvendig plate på trevegg (avsnitt og punktmarkering). På ståande kledning, til dømes tømmermannskledning, kan du leggje han ut til underliggar eller overliggar. Måla kan vere til underliggar, klemlekter 22 mm x spikarlekter 36 mm = 58 mm, eller til overliggar, som i dei fleste tilfelle er 19 mm ekstra og som blir 58 mm x 19 mm = 77 mm (avsnitt). Når det er ståande bordkledning på huset, kan det vere ein fordel å trekkje døra lengre inn i konstruksjonen og heller montere ei utforing fram til ytterkledninga. Fordelen med dette vil vere at karmskruen får eit betre feste enn om det ikkje blir gjort.
  3. Terskel, som er nedste eikestokken, skal vere i vater. Er underlaget rett, kan du setje terskelen direkte på golvet, men hugs å stifte på ei tettelist eller membran på heile terskelen. Dette for å få tilstrekkeleg tetting og at ikkje fukt frå underlag blir trekt opp i terskelen. Skal det vise seg at underlaget ikkje er rett, må du rette opp med klossar minimum tre stader under terskelen, slik at han blir i vater under montering.
  4. No skal du vere klar til å rette opp resten av karmen. Start med den karmsida som hengsla er monterte på, også kalla hengselside. Her må du bruke kilar. Det er viktig at du har riktig tal på kilar før du startar. Her kan du leite fram minimum to kilar pr. hol. Pass på at du bruker kilar rett bak hengsla på tunge dører. Lodd opp karmen (bruk rettholt med vater som dekkjer heile karmen), og rett han opp klar til innfesting. Deretter festar du skruane i hola som er forbora frå fabrikken. Pass på at det ikkje blir boge i karmen, noko som kjem tydeleg fram ved bruk av rettholt. Det kan føre til at dørbladet blir skeivt i karmen.
  5. Før du startar med å feste den andre sidekarmen, monterer du tilbake dørbladet på karmen (ha ein medhjelpar til dette). Juster karmen slik at det blir ei jamn fuge rundt heile mellom dørbladet og karmen. Tilpass med kilar og rettholt, som på motsett side. Skru fast når dørbladet går fint og jamt inn til karmen alle vegar. Her er det ein fordel å sjekke innvendig, og for å sjå at det ikkje er opning mellom karm og dørblad, slik at du ikkje ser dagslys. Plasser deretter ein støttekloss mellom vegg og karm, der dørlåsen er, for å hindre innbøying ved eventuelle innbrot.
  6. No skal du vere ferdig, men sjekk at døra står i lodd og i vater alle vegar før du seier deg ferdig med arbeidet. Har du ikkje montert dørvridaren og låssylinderen tidlegare i prosessen, er det ein fordel å gjere det no.

Tetting rundt dørkarm utvendig

Tettinga du no skal starte med, må du ta deg god tid til. Det er viktig at ho blir bra utført med omsyn til lekkasje i etterkant. Den beste tettinga er ei totrinnstetting, som betyr at skjerminga til tettinga har eit lufterom mellom tettinga rundt karmen og utvendig bordkledning. Dette kjem mykje av seg sjølv om det er lekta ut mellom bordkledning og vindtettinga på vegg. Totrinnstettinga gjer at eventuell fuktinntrenging får moglegheit til å drenere bort.

Før du startar tettejobben, må du passe på det er ryddig rundt deg og i opninga som du skal fuge og tette. No kan du leite fram alt av materiale og verktøy som du treng.

Du treng følgjande:

  • botnfyllingslist
  • elastisk fugemasse
  • utvendig vindsperretape
  • fugesprøyte
  • fugepinne
  • silikonhanskar

Utføring

  1. Start med å montere botnfyllingslista om lag 10 mm innanfor vindtettinga på veggen, helst i sin heilskap. Vel ei botnfyllingslist som er om lag 10–20 % større enn opninga. Botnfyllingslista er fin å bruke for å passe på at du får nok elastisk fugemasse i fuga, men ho har særs god eigenskap i å hindre lydgjennomtrenging.
  2. Fyll resterande opning med elastisk fugemasse og glatt det ut jamt med vindtettinga. Pass på at du fyller ut alle holrom. Når du har gjort det, lèt du fugemassen tørke (følg instruksjonane frå produsent om tørketid).
  3. Under terskel bruker du normalt ei tettelist som er sett opp under montering, men skulle det ha vore behov for å bruke av klossar under terskel, må opninga tettast med fugemasse og botnfyllingslist.
  4. Når alt er tørt, skal du fram med tapen. Her er det viktig at du bruker ein vindsperretape eller tape berekna for utvendig tetting rundt dører og vindauge. Fordel tapen halvvegs på dørkarm og på veggen, klemt på vindtettinga. Start å tape under terskelen om nødvendig, deretter opp langs karmen på begge sidene og til slutt over døra. Hugs å overlappe tapen med kvarandre, og pass på at du får mest mogleg heile remsar med tape. Må du skøyte, pass på at du får godt med overlapp, og over den som er under, slik at det ikkje er mogleg for fukt å trenge inn på grunn av unøyaktigheit.
  5. No skal du vere ferdig med tettinga utvendig, slik at det er klart for klemlekter eller spikarlekter.

Ver obs på dette før du startar

No har du vore gjennom ein generell gjennomgang av val av ytterdør, montering og tetting av ytterdør i trevegg. Det du må hugse på, er at det er detaljteikningar, monteringsskildringane til produsenten og gjeldande standardar som bestemmer korleis du skal setje inn ytterdøra i framtida – så set deg inn i dette, før du startar med arbeidet.

Innsetjing av ei dør inne er noko enklare:

Relatert innhald

Lykke til!

Dokumentasjon

CC BY-SASkrive av Tom Eirik Nilssen og Kjell Brørs. Rettshavar: Tom Eirik Nilssen
Sist fagleg oppdatert 26.08.2019

Læringsressursar

Tømraren