Hopp til innhald

Fagstoff

Å dokumentere i bygg- og anleggsbransjen

I denne artikkelen kan du lære om kva det betyr å dokumentere for ein som arbeider i bygg- og anleggsbransjen, og kvifor dokumentasjon er så viktig.

Å dokumentere

Dokumentasjon er ei form for bevis. Det kan vere eit bevis på at du som fagarbeidar og bedrifta di har utført eit stykke arbeid riktig ut frå dei krava som blir stilte.

Det blir stilt krav i form av lover og forskrifter, desse skal alltid følgast, og i ulike standardar og normer som blir følgde der det er relevant. Som fagarbeidar må du setje deg inn i kva reglar som gjeld for det arbeidet du skal utføre, anten det handlar om eller det tekniske.

Nokre av lovene og forskriftene som er viktige å følge, er desse:

Eigenkontroll

Eigenkontroll er ein type dokumentasjon som ofte blir gjord i form av sjekklister der arbeidet er skildra i punkt som skal kontrollerast. Dette blir for det meste gjort digitalt på smarttelefon eller nettbrett, der ein tek bilete, kryssar av for om punkta er godkjende eller har avvik, og kommenterer der det er nødvendig. Dersom ein finn avvik, er det viktig å avklare kva tiltak ein bør gjennomføre for å utbetre avviket.

Eigenkontrollen blir ofte samla i ein sluttrapport til kunden, som er ei slags erklæring på at arbeidet er utført av bedrifta, og i samsvar med avtale og krava som blir stilte.

Døme på eigenkontroll på smarttelefon for byting av varmtvasstank

Bla i skjermbileta under for å sjå korleis røyrleggaren vurderer HMS, fyller ut sjekkliste og kommenterer på dei ulike punkta. Sluttrapporten ligg under.

Filer

HMS-arbeid

Alt ei bedrift gjer for å sikre helsa, miljøet og sikkerheita til arbeidstakarane, kan vi kalle HMS-arbeid. I internkontrollforskrifta finn vi krav til korleis dette skal gjennomførast, og formålet er mellom anna å førebygge helseskadar, miljøforstyrringar og uønskte hendingar.

Sikker jobb-analyse

Ei risikovurdering blir gjerne gjord i form av ein (SJA). Dei som skal utføre arbeidet, møtest og vurderer farane og kva som må gjerast for at uønskte hendingar ikkje skal skje. Ein sikker jobb-analyse må utførast før ein startar arbeidet, og gjerast i samband med alt arbeid som på ein eller annan måte kan vere farleg. Målet er å avdekke farane og eventuelt gjennomføre tiltak før noko skjer.

Rapport om uønskt hending

Om uhellet av likevel skulle vere ute, må uønskte hendingar rapporterast ved å fylle ut ein rapport om (RUH). I ein slik rapport blir det skildra kva som skjedde, og kvifor det skjedde. Ein slik rapport skal òg fyllast ut ved nesten-ulykker, fordi målet er å kunne gjennomføre tiltak så det ikkje skjer igjen. Det blir veldig synleg for ein entreprenør at det er behov for tiltak viss arbeidarane stadig rapporterer inn uønskte hendingar på arbeidsplassen. Sjølve rapporten kan enkelt fyllast ut og sendast inn med ein smarttelefon eller nettbrett.

Filer

Vernerundar

For å drive systematisk førebygging av ulykker kan ein gjennomføre vernarundar. Det går ut på å få oversikt over arbeidsplassen for å kunne oppdage mangelfulle sikkerheitstiltak eller farar. Det fysiske arbeidsmiljøet er òg ein del av vernerunden med tanke på forholda det blir jobba under. Funna frå ein vernerunde blir ofte delte på byggemøte, og det blir avtalt eventuelt kva tiltak som skal gjennomførast med tidsfristar. Kor ofte det blir gjennomført vernarundar, må vurderast i lys av risiko og kva som skjer på bygge- eller anleggsplassen. Vernarundar er ein god måte å drive systematisk HMS-arbeid på.

Viktigheita av dokumentasjon

Kvifor er eigentleg dokumentasjon så viktig? På mange måtar er det ei forsikring om at arbeidet er godt nok og i tråd med lover, forskrifter, kontraktar og skildringar. Det er ei forsikring for tiltakshavar, entreprenør og kunde. Det kan òg vere eit krav frå dei som har hyra bedrifta, at dokumentasjon må på plass før dei betaler for arbeidet som er utført.

Det kan vere fleire konsekvensar av å ikkje dokumentere i samsvar med reglane. Klikk på boksane under for å sjå nokre døme de kan reflektere over.

Konsekvensen av å ikkje dokumentere arbeid

Sjå for deg at du som røyrleggar monterer røyr i eit nytt leilegheitsbygg. Du gjer ferdig jobben, set på vatnet og ser over at alt ser ok ut før du reiser heimover.

På morgonen dagen etter ringer telefonen. Det er sjefen, og du blir fortald at det i natt har vore ei overfløyming i bygget. Bygget har store vasskadar, og vatnet har komme frå røyra du monterte. Dokumentasjonen for eigenkontroll manglar.

Ved eigenkontroll av vassrøyr skal røyra trykktestast for å sjekke at dei toler trykkvariasjonar ved normalt vasstrykk. Dette skal alltid dokumenterast, og det bør gjerast med bilete.

Det viser seg at ei av koplingane på det eine røyret har leke og spylt vatn ut i eit kjøkken i sjette etasje. Alle dei 20 leilegheitene i etasjane under er vasskadde. Utbetring av skadane blir ikkje billig.

Kven trur du får skulda, og kva kan bli konsekvensane for røyrleggaren, bedrifta og byggeprosjektet?

Konsekvensen av å ikkje gjennomføre dokumenterte sikkerheitstiltak

Murarbedrifta du jobbar i, utfører arbeid på eit leilegheitsprosjekt, med muring av teglstein over fire etasjar. Arbeidet føregår i godkjent stillas, og du har sjølvsagt fått dokumentert sikkerheitsopplæring for dette.

Ein dag du og kollegaene dine arbeider, skjer det plutseleg ei ulykke, og lærlingen du jobbar med, fell ned frå stillaset.

Lærlingen overlever, men får varige skadar som gjer at han blir arbeidsufør. Det viser seg at lærlingen ikkje har fått dokumentert sikkerheitsopplæring.

Kven har ansvaret i denne situasjonen? Kva trur du skjer vidare med byggeplassen, bedrifta og ikkje minst lærlingen?

Relatert innhald

Dei som skal gjere ein jobb som kan vere farleg, møtest og vurderer farane og kva som må gjerast for at ulykker ikkje skal skje.

Arbeidsmiljølova og ulike forskrifter krev systematisk arbeid for å sikre helse, miljø og tryggleik for arbeidstakarane. Lær meir her.

CC BY-SASkrive av Marius Weum Stick.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2023

Læringsressursar

Tømraren