Hopp til innhald

Fagstoff

Felling av tre

Når vi skal fella eit tre, er det viktig at vi planlegg og førebur oss godt. God planlegging gir betre resultat og gjer arbeidet tryggare. Vi må alltid vurdera risikoen før vi tek til på arbeidet.
Mann i verneutstyr sager et tre med motorsag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå video på Youtube om korleis du fell eit tre på ein trygg og god måte.

Planlegging før felling

Før du starter sjølve fellinga, skal du

  • vurdera hellinga på treet
  • sjå om kvister og greiner står skeivt på stammen
  • vurdera vindretning og vindstyrke
  • sjå om andre tre heng fast i det treet du skal fella
  • sjå om treet har tørr eller ròte topp som kan falla ned når det treet fell
  • forsikra deg om at det er fri bane der treet skal falla

Oppkvisting før felling

Når du kvistar treet før felling, skal du arbeida med saga parallelt med skuldrene. Då går eventuelle kast ikkje mot kroppen. Sag alltid ovanfrå og nedover.

Når du er ferdig med å kvista opp, ryddar du vekk kvister frå arbeidsområdet du treng til fellinga. Ein ryddig arbeidsplass er ein trygg arbeidsplass!

Retrettveg

Planlegg retrettvegen, og rydd han om nødvendig. Retrettvegen går på skrå bakover i forhold til felleretninga. Hit går du når treet tek til å falla. Stå aldri ved stubben og sjå på at treet fell! Dersom rotenden slår opp når treet treff bakken, vert du treft med stor kraft. Sit saga fast i stubben når treet fell, la ho sitja fast og gå unna!

Felleskjer og brytekant

Sagskjær ved trefelling. Figur
Opne bilete i eit nytt vindauge

Figuren over viser korleis du feller treet.

  1. Start med å leggja overskjeret. Det skal gå på skrå nedover på den sida du planlegg at treet skal falla mot.
  2. Sag deretter underskjeret rett inn til det treffer enden på overskjeret.
  3. No har du eit felleskjer eller felleskar. Opninga på dette skal vera mellom 60 og 90 gradar. Felleskjeret skal gå ca. 1/4 inn i stammen.
  4. Hovudskjeret skal vera i same høgde som der overskjeret og underskjeret møtest.
    Brytekanten er den stripa av ved som er mellom felleskjeret og hovudskjeret, der pila på figuren peiker. Han held treet under kontroll, og skal ikkje sagast av!
    Brytekanten skal normalt vera jamtjukk og ha ei breidde på ca. 8–10 prosent av diameteren på treet. På svært grove tre bør han likevel ikkje vera tjukkare enn 4–5 cm.
  5. I filmen øvst på sida vert det brukt ein kile. Andre hjelpemiddel som ofte vert nytta under hogst, er fellespett og trampejern.

Brytekanten fungerer som eit hengsel og styrer treet i den retninga du har tenkt. Det er viktig med eit ope felleskjer. Då har du litt tid før overskjeret møter underskjeret, brytekanten brotnar og treet så godt som er i bakken.

Hugs å trekkja deg unna når treet tek til å falla!

Sagar du over brytekanten, har du ikkje kontroll over treet, og det kan falla i kva retning som helst. Det er ein svært farleg situasjon.

CC BY-SASkrive av Hallstein Berre.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2017

Læringsressursar

Tømraren