Hopp til innhald

Fagstoff

Vegg i bindingsverk

Vi skal her sjå på korleis vi byggjer opp ein yttervegg i bindingsverk. Dette skal vere ein berande yttervegg. Det vil seie ein vegg som skal bere vekta av taket og snøen på taket om vinteren.

Førebuing

Når vi skal byggje veggen, må vi vite kva belastningar veggen blir utsett for, og kvar desse belastningane kjem. Denne veggen skal vere . I tillegg må vi vite plasseringa til eventuelle opningar for dører og vindauge i veggen. Då kan vi dimensjonere for at han skal stå mot dei kreftene han blir utsett for.

Vanleg høgd på ein vegg som dette, når alt er på plass i konstruksjonen, er 2400 millimeter frå golv til tak.

Hugs at alle standarar i veggen skal stå loddrette både i lengderetninga av veggen og på tvers av lengderetninga.

Standaravstand

Bindingsverksveggen blir bygt slik at han blir tilpassa dei andre materiala som skal inni eller på bindingsverket. Døme på slike materiale er isolasjon, plater og produkt på rull (papp og plast). Alle slike produkt er produserte med tanke på at standarane skal stå med ein på 600 millimeter. Det vil seie at frå midten på ein standar til midten på neste skal det vere 600 millimeter. Det blir sjølvsagt nokre felt med avvik frå dette, då alle veggar ikkje har ei lengd som går opp med 600 millimeter. Gjer vi det slik, kallar vi det at vi byggjer med standaravstand på c/c 600 mm.

Standar og svill med merke og mål for plassering. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samanføying

For å hindre at krafta frå vind skal skyve standarane av svillene, må du stikkspikre standarar til svillene. Det må du gjere i tillegg til eventuell montering med skruar.

Standar og svill med spikar på skrå. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vindaugsopningar

Hugs at vi må lage ei vindaugsopning litt større enn det vindauget vi skal montere inn i opninga. Det gjer vi for å kunne justere inn i lodd og vater når vindauget blir montert, i tillegg til at vi får plass til isolasjon rundt vindauget. Vanlegvis er det 10 til 20 millimeter opning heile vegen rundt mellom bindingsverket og det monterte vindauget.

CC BY-SASkrive av Magne Vågsland, Knut Grønvold og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2021

Læringsressursar

Tømraren