Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Å byggje vegg i bindingsverk

Du skal i denne oppgåva byggje ein vegg i bindingsverk. Veggen skal byggjast som ein vinkel. To personar jobbar fint saman om denne oppgåva. Måla på veggen skal vere 2500 mm den eine vegen og 1000 mm andre vegen. Høgda på veggen skal vere 2400 mm.

Materiale

  • 48 mm x 98 mm høvla trelast. (Lag materialliste med PC på vedlagt rekneark.)
  • avstivarstag eller bord
  • skruar eller spikar

Verktøy

  • skrumaskin eller hammar
  • vinkel
  • sag
  • vater
  • måleband

Utføring

  • Start med å utføre ein sikker jobb-analyse SJA. (vedlagt skjema)
  • Lag ei arbeidsteikning med kappliste.
  • Finn ein plass i verkstaden som er eigna for å byggje og setje opp veggen.
  • Kapp til alle svillar og standarar, og monter saman med skruar eller spikar.
  • Hugs senteravstand på 600 mm mellom standarane.
  • Dei to veggane skal monterast saman i eit hjørne.
  • Veggane kan byggjast ferdig kvar for seg på golvet før dei blir reiste opp og monterte saman.
  • Hugs å montere avstivarstag på den lengste veggen.
  • Veggane må monterast slik at dei står i vater og lodd.

Vedlegg (Googledokument)

Sikker jobb-analyse SJA

Arbeidslogg og eigenvurdering

Materialliste

CC BY-SASkrive av Knut Grønvold.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Tømraren