Hopp til innhald

Fagstoff

Motorsag – tryggleik

Motorsaga er ein av dei farlegaste arbeidsreiskapane du bruker. Kvart år vert mange skadde eller mistar livet under arbeid med motorsag. Årsaka er manglande bruk av verneutstyr og manglande kunnskap om tryggleik og rett bruk. Lær deg å bruka motorsaga på ein sikker måte!

HMS

Kvart år vert mange skadde eller mistar livet under arbeid med motorsag. Hovudårsakene til det er manglande bruk av verneutstyr, og manglande kunnskap og kompetanse om tryggleik og rett bruk. Krav til verneutstyr er heimla i forskrift til arbeidsmiljølova, så dersom du ikkje bruker verneutstyr, bryt du faktisk lova.


Video på Youtube.com om kva slags verneutstyr du bør ha når du skal bruke motorsag.

Hugseliste:

Du skal ha:

  • hjelm
  • høyrselvern
  • visir
  • vernebukse
  • vernestøvlar
  • jakke med signalfargar
  • hanskar
  • enkeltmannspakke
  • mobil

Saga skal ha:

  • kjedebrems
  • kjedestoppar
  • gassperre
  • stoppknapp

Relatert innhald

Motorsaga revolusjonerte skogsarbeidet frå rundt 1950 på same måten som hogstmaskinene gjorde det frå rundt 1980.

CC BY-SASkrive av Hallstein Berre.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Tømraren