Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Innsetjing av dør

Dette arbeidsoppdraget viser deg korleis du set inn ei dør i ein vegg.

Innleiing

Vi beskriv her innsetjing av ei innvendig dør. Det er noko enklare enn innsetjing av ytterdør når det gjeld tetting og isolasjon.

Du skal montere døra i opninga i veggen. Sørg for at opninga er om lag 2 cm større enn dørkarmen. Breidda på dørkarmen kan vere 89 cm. Då må opninga i veggen vere om lag 91 cm brei.

Dørkarm blir sett saman

  • Dørkarmen kjem vanlegvis i delar som du må setje saman.
  • Måten du monterer dørkarmen på, bestemmer om døra skal vere venstrehengsla eller høgrehengsla (sjå video). Døra er høgrehengsla når hengsla du ser, er på høgre side.

Dørkarm blir montert i vegg

  1. Skru fast den sida av karmen hengsla sit på først. Sjekk om golvet er i vater i døropninga. Viss den sida av dørkarmen med hengsla blir lågare enn den andre, må han hevast ved montering.
  2. Bruk vater for å sjekke at du monterer karmen loddrett. Viss karmen ikkje står i lodd, vil døra gå opp eller igjen av seg sjølv. Sjekk om vateret er riktig først.
  3. Plasseringa av skruen øvst og nedst i karmen justerer at karmen står loddrett på tvers av veggen.
  4. Bruk karmhylser eller kilar for å justere at karmen står loddrett i retninga til veggen.
  5. Monter dørbladet på dørhengsla.
  6. Skru fast andre sida av karmen i lodd. Sjekk at dørbladet går inntil karmen samtidig over heile høgda. Dette skal vere riktig når begge sider av karmen står loddrett. Finjuster med øvste og nedste skrue, før du skrur inn dei i midten.
  7. Finjuster med karmhylser eller kilar, slik at det blir like stor opning mellom dørblad og karm på begge sider.
  8. Finjuster opning i botn og topp ved å heve eller senke den eine eller andre sida av karmen.

Verktøy

  • batteridrill med bitar
  • vater
  • målebånd
  • unbrako 8 og 10 mm
  • T-nøkkel
  • bur 14 mm

Materialer

  • skruar
  • karmhylser

Videoar som viser montering av dør

Swedoor – slik monterer du ei innerdør og karm (YouTube)

Byggmakkar – korleis montere karm og innerdør (YouTube)

Montérskolen – korleis montere innerdør (YouTube)

Skriv arbeidslogg


CC BY-SASkrive av Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 23.12.2019

Læringsressursar

Tømraren