Hopp til innhald

Fagstoff

Tett bygg

Det er viktig at husa blir bygd tette. Ventilasjonsanlegget må sjå til utskifting av lufta.
Uferdig vegg med panel, lekter, plater og duk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tette hus

Standarden i Noreg er at vi skal bygge tette hus. All utskifting av luft for godt inneklima skal skje ved hjelp av ventilasjonsaggregat. Det er likevel ikkje mogleg å byggje slik at det blir 100 % tett. Bygget har dører og vindauge, og i tillegg er det mange ulike flater og materiale som skal føyast saman. For å få til eit best mogleg resultat er det utvikla materiale og tekniske løysingar for å få til god tetting.

Trykktesting

For å sjekke kor tett eit bygg er, blir det gjort trykktesting. Ein set då inn ei spesiell dør med vifte i slik at ein kan blåse luft inn eller ut av bygget. Før testing må ein sjå til at ventilasjonskanalar og andre planlagde opningar er omhyggeleg tetta. Testinga går ut på at ein blæs inn så mykje luft at det blir eit overtrykk i bygget på 50 Pa. Om det er lekkasjar må ein stadig tilføre meir luft for å halde oppe overtrykket. Om ein må tilføre like mykje luft som volumet av bygget i løpet av ein time, har bygget eit lekkasjetal på 1,0. Vi seier at det har 1,0 luftvekslingar per time. For småhus og rekkehus er kravet i TEK10 at det ikkje skal vere over 2,5 luftvekslingar per time.

Sjå video frå Enova sin Hold Tett-kampanje der dei skildrar metodar for å gjere lekkasjemålingar.

Ved trykktesting av bygg skal ein måle lekkasjetal både ved overtrykk og undertrykk. Slik testing blir ofte gjort av folk som har særleg kompetanse. Ved testing på undertrykk vil det ofte bli gjort i kombinasjon med innvendig termografering. Ein kan då få fram bilete som klart viser kor det er svake sider og dårleg tetting.

CC BY-SASkrive av Magne Vågsland.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Tømraren