Hopp til innhald

Fagstoff

Tre som byggjemateriale

I tømrarfaget nyttar vi som oftast tre som byggjemateriale i dei ulike konstruksjonane. Det blir brukt til golv, veggar og tak.
Råbygg til bolighus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tre som byggjemateriale

I Noreg har vi god tilgang på tre som råvare til materiale. Skogen i Noreg dekkjer ca. 38 % av arealet i landet. Det meste av denne skogen består av gran og furu. Desse kallar vi bartre.

Bruk av tre som byggjemateriale har fleire positive effektar. Det er ein fornybar ressurs, kan gjenbrukast, held seg lenge, gir større tilvekst i skogen enn det vi tek ut og har stor styrke. Dessutan er det eit pent bygningsmateriale.

Eit grantre bruker, avhengig av vekstforhold, 50 til 70 år på å bli hogstmodent. Prosessen frå grantreet står i skogen til det endar som tremateriale, kan du følgje her.

Moderne skogsdrift

Sortering av materiale

Fastleik

Tre har ulike vekstforhold som igjen påverkar kvaliteten på dei materiala som blir laga av trea. Derfor blir materiale sorterte i ulike fastleiksklassar. Fastleiksklassane er C-14, C-18 , C-24, C-30 og C-40. Til høgare talet er, dess betre er styrken. Sorteringa skjer både maskinelt og visuelt. Mesteparten av materiale som blir produserte i Noreg, er i klasse C-18, C-24 og C-30.

Merking av materiale

Rundt 95 % av alt norskprodusert materiale er produsert av bedrifter som er medlemer av Norsk trelastkontroll. Materiala har i så fall dette stempelet på seg.

Andre sorteringskriterie

I tillegg til styrkesortering så sorterer vi trelast i ulike trelasttypar.

  • Skurlast er trelast som er saga (skoren) direkte frå den rå tømmerstokken, utan ytterlegare tilarbeiding.
  • Justert skurlast er skurlast som er høvla (justert) på minst to sider.
  • Høvellast er trelast som er glatthøvla på alle sidene.
CC BY-SASkrive av Knut Grønvold.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Tømraren