Hopp til innhald

Fagstoff

Tak

Taket er kanskje det viktigaste enkeltelementet i ein bygningskonstruksjon. Taket er både ein berekonstruksjon og ein konstruksjon som skal sørgje for eit godt inneklima i bygningen.
Fleire tak. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Takkonstruksjon

Ein takkonstruksjon kan byggjast på ulike måtar. Vi kan anten bruke fabrikkbygde takstolar, eller byggje heile takkonstruksjonen på byggeplassen som eit bjelkelag på skrå. Då kallar vi det eit sperretak. Kva vi vel, er avhengig av fleire faktorar slik som form, tal, pris osv.

Ulike takstolar. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Funksjon

Taket har fleire viktige funksjonar. Det skal sørgje for at det ikkje kjem fukt inn i bygningen. For å unngå det så monterer vi taktekking etter gitte tilvisingar. Taket skal også vere slik at det ikkje slepper varme ut. Når vi veit at varme stig, så skjønar vi at taket har ein viktig funksjon når det gjeld isolasjon og varmetap. Takstolane eller sperrene blir monterte rett over standarane i veggen som takkonstruksjonen kviler på. Då blir all vekt frå tak og snø overført frå taket og vidare nedover i konstruksjonen på ein trygg måte.

Dei ulike delane av takkonstruksjonen

CC BY-SASkrive av Knut Grønvold og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Tømraren