Hopp til innhald

Fagstoff

HMS for tømraren

Tømraren jobbar på byggjeplass og bruker utstyr som sager, kraner og stillas. Dette gjer at det er risiko for å skade seg. Tømraren må derfor vere merksam og bruke eigna verneutstyr.
Hustak og stillas med tømrarar i arbeid. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsmiljø

Å jobbe for eit trygt og godt arbeidsmiljø må heile tida vere i fokus. Tenk førebyggjande og ta val som ikkje utset deg eller andre for unødig risiko. Tømrarfaget har eit variert og spennande arbeidsområde. Arbeidet går føre seg både utandørs i all slags vêr og innandørs under varierande forhold. Det går føre seg både demontering og oppsetjing av konstruksjonar.

Byggjeplass og HMS

Alle arbeidsplassar der ein arbeider i tømrerfaget, kan definerast som ein byggjeplass, stor eller liten. Då utstyrer ein seg med nødvendig arbeidstøy og personleg verneutstyr ut frå den jobben som skal gjerast. På ein byggjeplass er det fleire faktorar som krev merksemd på HMS. Det kan vere arbeid i høgda på stillas med tryggingssele. Mange typar verktøy og utstyr krev vern, og ulike arbeidsoperasjonar er krevjande med stor grad av risiko. Døme på dette er elektriske sager, kraner og andre løftereiskapar. Risiko for skadar og uhell må vurderast i kvart enkelt tilfelle på dei ulike byggjeplassane. Tiltak må setjast i verk ved behov.

Trivsel

Like viktig som å ta omsyn til dei fysiske farane, er det også å tenkje på at kollegaer har det bra og trivst på jobb.

CC BY-SASkrive av Knut Grønvold.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2017

Læringsressursar

Tømraren