Hopp til innhald

Fagstoff

Kvisting og kapping

Når treet er felt, skal det kvistast og kappast. Vi bruker motorsaga til begge arbeidsoperasjonane, og vi må følge sikkerheitskrava.
Mann i verneutstyr kvistar ei gran med motorsag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvisting

Sjå denne videoen på Youtube om korleis du kan kviste eit tre.

Fellinga er den farlegaste delen av hogstarbeidet. Kvisting er det som tek lengst tid. Feil arbeidsteknikk under kvisting kan gi oss belastningsskadar. Vi må bruke verneutstyr for motorsag.

Når du skal kviste eit tre, gjer du det slik:

Rett ryggen


Ligg stammen lågt: Bøy knea, kvil høgre kne mot stammen. Ligg stammen på bakken: Stå på kne når du kvistar. Å stå bøygd med rette bein og saga hengande i armane, belastar korsrygg, armar og skuldrer og nakke.

Kvil saga på stammen eller mot låret


Lar du stammen eller låret bere vekta av saga, avlastar du armar og rygg. Det gir òg god kontroll på saga.

Kapp kvisten heilt inntil stammen


Det skal ikkje stå att kvisttappar etter at du er ferdig. Det er betre at du sagar litt i borken enn at det står att tappar.

Kapping

Sjå denne videoen på Youtube om korleis du kappar eit tre.

Når du skal kappa ein stamme, er det viktig at

  • du kappar slik at du ikkje får saga i klemme
  • du kappar slik at det ikkje oppstår sprekk i stokken

For å unngå dette må du ha kontroll på kva som er trykksida og strekksida på stammen.

Svakt bøygd trestamme med teksten «trykkside» på innsida og «strekkside» på utsida. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kappar du for langt inn frå trykksida, får du saga i klemme. Sager du alt frå strekksida, er det fare for at stammen blir spjerra eller sprekk.

Når du startar kappinga, kappar du først litt frå trykksida, 1/3–1/4 av diameter. Jo større trykket er, jo mindre sagar du frå trykksida. Er diameteren stor, kan du med fordel sage opp på sidene frå trykksida. Resten av kappen tek du frå strekksida. Er spennet svært stort, skal du sage forsiktig og vere merksam på faren for spjerring.

Trestamme med to piler som viser at ein først skal kappe frå trykksida og så frå strekksida. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Trestamme med to piler som viser at ein først skal kappe frå trykksida og så frå strekksida. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugselappen

  • Kvisting:
    Vi fjernar kvistar og greiner for å få ein rein stokk.

  • Kapping:
    Vi deler tømmerstokken opp i kortare lengder.

  • Kvister skal kappast heilt inn til stammen. Unngå at det står att tappar.

  • Ver merksam på trykksida og strekksida på stammen når du kappar.

  • Finn gode arbeidsstillingar.

  • Bruk sikkerheitsutstyr og vurder risikoen også når du kvistar og kappar.

CC BY-SASkrive av Hallstein Berre.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2017

Læringsressursar

Tømraren