Hopp til innhald

Fagstoff

Språkhandlingar

Vi bruker ulike språkhandlingar ut frå kva vi ønsker å oppnå med kommunikasjonen vår. Det kan vere å konstatere noko om verda rundt oss, å få nokon til å gjere noko for oss eller å uttrykke kjensler.
To kvinner og ein mann sit ved eit bord med papir og bøker framfor seg. Riksvåpenet heng på veggen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Språkhandlingar

Pragmatikk handlar om å studere språket i bruk, eller språket som handling. Når vi vel kva språkhandlingar som er mest formålstenlege å bruke i ein kommunikasjonssituasjon, bruker vi den kommunikative kompetansen vår. Gjennom språkhandlingane prøver vi å nå dei kommunikative måla våre. Språkhandling, òg kalla talehandling, er eit sentralt omgrep i pragmatikk (Svendsen, 2018).

Den britiske språkfilosofen John Langshaw Austin introduserte teorien sin om språkhandlingar i ein serie forelesingar i 1955. Denne vart gitt ut under tittelen How to do things with words i 1962. Ein av Austins elevar, John Rogers Searle, vidareutvikla teoriane til Austin, noko som resulterte i fem klassar for språkhandlingar (Svennevig, 2020):

  • konstativar

  • direktivar

  • kommissivar

  • ekspressivar

  • kvalifiseringar

Konstativar

I denne klassen konstaterer vi noko om verda. Det kan vi gjere gjennom å påstå noko, informere, fortelje, forklare eller gi att noko. Talaren, eller avsendaren av ytringa, forpliktar seg til at det hen seier, er sant, og adressaten, eller mottakaren, kan stadfeste om det som blir sagt, stemmer.

  • Biblioteket ligg der borte.

  • Han spelte fotball i mange år.

  • Paris er hovudstaden i Frankrike.

  • Flyet til Bergen går om tre timar.

  • Eg har kjøpt meg ny mobiltelefon.

Direktivar

Når vi bruker denne klassen av språkhandlingar, er målet å få nokon til å gjere noko. Det kan vere at vi ber om noko, at vi beordrar nokon til å gjere noko, eller at vi krev det. Når vi skal få nokon til å gjere noko, bruker vi gjerne spørjesetningar og imperativsetningar (bydesetningar).

  • Sender du saltet?

  • Kan du hjelpe meg med middagen?

  • Du skal vere heime seinast klokka 22.

  • Du, gi meg den boka no!

  • Les tilbakemeldinga og gjer nødvendige endringar.

Kommissivar

Når vi bruker kommissivar, tek vi på oss forpliktingar. Det kan vere at vi garantere for noko eller lovar noko. Det er viktig at den som forpliktar seg eller gir eit løfte, òg kan halde det hen lovar. Kommissiv uttrykker ei framtidig handling eller hensikt.

  • Eg hentar deg på skulen klokka 15.

  • Eg skal ha middagen klar når du kjem heim.

  • Vi lovar å komme tidsnok neste gong.

  • Ja, eg skal lese gjennom manuset ditt før torsdag.

  • Vi garanterer at produktet har lang haldbarheit.

Ekspressivar

Ekspressivar er dei språkhandlingane vi bruker når vi ønsker å gi uttrykk for kjensler eller ein psykologisk tilstand. Det kan til dømes vere å takke for noko, vise glede over noko, vise sinne eller unnskylde seg.

  • Tusen hjarteleg takk for gåva!

  • Gratulerer så mykje med førarkortet!

  • Eg er så glad eg er ferdig med eksamen!

  • Din dust!

  • Eg er så lei meg for det som skjedde i går.

Kvalifiseringar

Kvalifiseringar er språkhandlingar som skaper ei ny verkelegheit. Kvalifiseringar blir ofte gitt i ei institusjonell ramme, av ein person som har myndigheit til å utføre språkhandlinga slik at ho endrar verkelegheita for den eller dei involverte.

  • Difor kunngjer eg at de er rette ektefolk.

  • Den tiltalte blir dømd til fem års fengsel.

  • Med dette erklærer eg det nye museet for opna.

  • Eg testamenterer med dette formuen min til velgjerande formål.

  • Søknad om permisjon er med dette innvilga.

Definisjonar er ei undergruppe av kvalifiseringar. Definisjonar seier ikkje noko om verkelegheita, men fastset kva eit ord skal brukast om i gitte situasjonar eller kontekstar. Vi kan finne definisjonar i til dømes offisielle dokument, vitskaplege rapportar og lærebøker (Svennevig, 2020).

Tenk over

  • Kor mange ulike språkhandlingar kan du bruke for å få samtalepartnaren din til å gjere deg ei teneste?

  • Kva språkhandlingar bruker du mest i løpet av ein vanleg dag, trur du? Og kva bruker du minst?

Kva gjer språkhandlingane med samtalen?

I ein pragmatisk analyse er det nyttig å seie noko om kva språkhandlingar som blir brukte, og korleis dei påverkar samtalen. Val av språkhandlingar i ein samtale kan seie oss noko om til dømes relasjonen, tonen og maktforholdet mellom deltakarane, kva dei ønsker å oppnå, og kva reaksjon eller kva resultat dei forventar. Vi kan òg sjå på kva det gjer med samtalen dersom deltakarane bruker språkhandlingar som ikkje er forventa, eller som vi tenker ikkje passar til kommunikasjonssituasjonen.

Tenk over

  • Gi døme på situasjonar der du har brukt språkhandlingar som førte til at du oppnådde det du ønskte.

  • Har du nokon gong brukt språkhandlingar som ikkje fungerte slik du hadde ønskt?

Kjelder

Svendsen, L. F. H. (2018, 20. februar). Talehandling. I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/794169

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling. Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse. Cappelen Damm Akademisk.

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2022

Læringsressursar

Språk- og samtaleanalyse