Hopp til innhald
Oppgåve

Analyser og samanlikn samtalar

Analyser og samanlikn samtalar med utgangspunkt i teori om samtaleanalyse.

Samtaleanalyse

Vel ut ein eller fleire samtalar som du ønsker å gjere ein samtaleanalyse av. Det kan til dømes vere eit radioprogram, ein debatt eller ein samtale mellom venner. Du kan transkribere samtalen, eller berre notere dei sekvensane som er relevante for analysen. Viss du gjer ei samanlikning av fleire samtalar som du har analysert, kan du peike på likskapar og forskjellar mellom samtalane.

Før du startar, kan det vere lurt å lese om fagomgrepa som blir brukte i ein analyse, i artiklane Kva er samtaleanalyse? og Element i ein samtaleanalyse.

Forslag til analysespørsmål

Bruk spørsmåla under som utgangspunkt for analysen. Det er ikkje sikkert alle punkta eller spørsmåla er like relevante for alle samtalar.

Når du har arbeidd med punkta, kan du bruke svara dine til å lage ein samanhengande analyse, anten skriftleg eller munnleg. Bruk relevant teori og omgrep, og vis til konkrete døme.

Turtaking og overlapping

  • Korleis blir turskifte signalisert i samtalen?

  • Kor godt fungerer turskifte?

  • Kan du finne døme på overlapping i samtalen? Gir den eine seg, eller blir det ein kamp om å behalde ordet?

  • Kva tilbakekoplingssignal blir brukte? Kva kan bruk av tilbakemeldingssignal fortelje oss om kor godt deltakarane samarbeider?

Interaktiv dynamikk

  • Korleis er initiativ og respons hos deltakarane med på å drive samtalen framover?

  • Kan du finne døme på reparasjon? Kven bruker reparasjon, og kvifor? Fungerer reparasjonen?

  • Er samtalen prega av samarbeid eller konflikt?

  • Er samtalen symmetrisk eller asymmetrisk?

  • Korleis påverkar den interaktive dynamikken samtalen samla sett?

Sekvensiell organisering

  • Kan du finne døme på avpassa par? Kva funksjon har desse?

  • Blir det brukt presekvensar i samtalen? Kva funksjon har desse?

Emne

  • Kva er emnet for samtalen, og i kor stor grad held deltakarane seg til emnet?

  • Er emnet personorientert eller situasjonsorientert? Korleis påverkar dette samtalen?

Høflegheit

  • Kva høflegheitsindikatorar kan du finne?

  • Korleis påverkar høflegheitsindikatorane samtalen?

Samanfatt og reflekter rundt funna dine

  • Korleis viser mønstera og mekanismane som du har avdekt, at ein samtale er eit samarbeidsprosjekt mellom deltakarane?

  • Viss du har analysert fleire samtalar: Samanlikn samtalane ved å peike på likskapar og forskjellar med utgangpunkt i analysefunna dine.

  • Har samtaleanalysen ført til nye perspektiv og innsikter?

  • Er det andre observasjonar du meiner er relevante for analysen?