Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er samtaleanalyse?

Samtaleanalyse er ei analytisk tilnærming til samtalar der vi prøver å finne mønster i samtalen og dei prinsippa som deltakarane i samtalen rettar seg etter. Transkripsjon kan vere eit nyttig verktøy når vi skal gjere ein samtaleanalyse.
To jenter sit ved eit bord med notatbøker på. Jentene smiler mot kvarandre, mens den eine skriv noko i notatboka. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samtalen som studieobjekt

Samtalar er grunnleggande for menneske og har gjennom alle tider bidrege til orden og meining i samfunnet. Likevel var det først på 60- og 70-talet at forskarane fatta interesse for den kvardagslege samtalen som studieobjekt.

Samtaleanalyse som vitskapleg metode har opphavet sitt i arbeida til sosiologen Harvey Sacks, som presenterte metodar for analyse av samtalar i ei rekke forelesingar mellom 1964 og 1972. Desse forelesingane la grunnlaget for det som blir kalla Conversation analysis. Målet i ein samtaleanalyse er å studere korleis deltakarane i samtalar aktivt bruker strategiar for å gjere seg forstått. Ein samtale er ein munnleg tekst som blir skapt undervegs av deltakarane, og det er nettopp mekanismane i denne prosessen som er interessante å studere i ein samtaleanalyse (Vagle et al., 1995).

Kva skal vi analysere?

Når vi skal gjere ein samtaleanalyse, må vi først finne ein eller fleire samtalar vi kan analysere. Vi kan anten samle inn materiale sjølve eller bruke samtalar det er gjort opptak av. Det finst mange døme på autentisk tale som vi kan bruke som studieobjekt i ein samtaleanalyse, som debattar, radioprogram og dokumentarar. Det kan vere lurt å tenke gjennom kor mykje av samtalen vi skal analysere, om det er nokre spesielle mekanismar vi skal undersøke, og om vi skal analysere og samanlikne fleire samtalar.

Transkripsjon

Etter vi har funne dei samtalane vi vil analysere, kan det vere lurt å transkribere dei, det vil seie skrive dei ned. Ein transkripsjon med bruk av mange spesialsymbol kan fort bli både omfattande og krevjande. Det kan derfor vere meir formålstenleg berre å skrive ned kven som seier kva i samtalen, og eventuelt bruke enkelte transkripsjonssymbol. Eit anna forslag er at du berre skriv ned dei konkrete sekvensane eller delane frå samtalen som er aktuelle for analysen din.

Det er viktig å hugse på at det ikkje er i transkripsjonen vi gjer analysen, men at transkripsjon er eit verktøy som kan vere nyttig når vi skal analysere samtalar.

Døme på ein enkel transkripsjon

I dette klippet ser vi ein samtale mellom Marianne Jemtegård (MJ) og Helle Vaagland (HV). Under finn du forslag til ein enkel transkripsjon av samtalen, med utgangspunkt i transkripsjonskonvensjonane hos Hasund (2006).

Transkripsjonskonvensjonar
SymbolForklaring
.avbroten tale
=forlengd staving
(...)utelaten tekst
[ ]overlappande tale
[ingen pause før neste taletur
(utyd)utydeleg ytring
kursivord uttalt med ettertrykk
(trekker pusten), (sukkar)ikkje-språkleg element
<leande>tekst</>informasjon om korleis ytringa blir uttalt (leande, kviskrande)

Forslag til transkripsjon

  1. HV: Marianne Jemtegård, redaktør for motemagasinet Vixen. Eh, det var du som arrangerte denne svære bloggprisutdelingen [(MJ ler)]

  2. HV: og det nye nummeret av Vixen er asså stappfullt av bloggere

  3. MJ: Hmh

  4. HV: Hvorfor vil du løfte fram bloggerne?

  5. MJ: Eh, det finnes så mange bloggere der ute, og det er et fåtall av de som har fått oppmerksomhet i media hittil. Det er veldig mye de samme som går igjen hele tiden, og= det miljøet der er mye mer fragmentert og mye større enn= det de fleste medier= er klar over

  6. HV: asså, bloggerne har fått mye= fokus i det siste, men mener du at vi allikevel ikke tar de helt på alvor?

  7. MJ: eh definitivt, asså sånn, det er, det er veldig mye fokus på rosablogging. Det blir nesten sånn at alle jenter som er pene og skriver litt om mote, er rosabloggere. Og= en rosablogger er også blitt en blogger som= kanskje ikke er den skarpeste kniven i skuffen (pause) alltid

  8. HV: hm

  9. MJ: mens (pause) eh, dette er jenter som berører ekstremt mange. Det finnes alt fra= eh= veldig rocka= edgy= bloggere til de som utelukkende skriver om fotokunst til de som er rebelske og (utyd) opprør. Asså det er et så stort spekter der ute at det er ... jeg synes det er trist at det blir litt sånn (pause) dummet ned.

Tenk over

  • Kva er målet med ein samtaleanalyse?

  • Korleis er det å lese ein munnleg samtale som er skriven ned?

  • Kvifor kan transkripsjon vere eit nyttig verktøy når vi skal analysere ein samtale?

Kjelder

Hasund, I. K. (2006). Ungdomsspråk. Fagbokforlaget.

Skovholt, K., Landmark, A. M. D., Sikveland, R. O. & Solem, M. S. (2021). Samtaleanalyse: en praktisk innføring. Cappelen Damm.

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling. Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse. Cappelen Damm.

Vagle, W., Sandvik, M. & Svennevig, J. (1995). Tilnærminger til tekst. Modeller for språklig tekstanalyse. Landslaget for norskundervisning/Cappelen Forlag Akademisk.

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Språk- og samtaleanalyse