Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kroppsspråk: konflikt

I ein episode av NRK-serien Kroppsspråk får bebuarane i eit studentkollektiv i Bergen tips og råd om korleis kommunikasjonen deira kan bli betre. Bruk episoden til å utforske samspelet mellom verbale og ikkje-verbale uttrykksformer.

I serien Kroppsspråk på NRK møter vi personar i ulike situasjonar der kroppsspråket speler ei viktig rolle. I denne episoden er det eit studentkollektiv i Bergen som får hjelp til å takle konfliktar betre. Bebuarane i kollektivet blir overvakte med kamera i 14 dagar, og dei får i etterkant tips og råd av ein ekspert på kroppsspråk. I episoden høyrer vi òg kva to psykologar seier om kroppsspråket vårt, og korleis vi agerer og reagerer når vi står i ein konflikt med andre menneske.

Bruk episoden til å utforske og analysere samspelet mellom verbale og ikkje-verbale uttrykksformer i ulike situasjonar. Kanskje du òg plukkar opp nokre tips du kan bruke i din eigen kommunikasjon?

Før du ser episoden

  • Jobb saman i par eller ei lita gruppe, og bruk kroppsspråket dykkar til å uttrykke desse kjenslene: glede, engasjement, irritasjon, sinne, oppgittheit, likegyldigheit, sorg, misunning, å vere flau.

  • Brukte de kroppsspråket på same måte i oppgåva over? Er det fleire måtar å uttrykke desse sinnsstemningane eller kjenslene på? Samanlikn og reflekter.

  • Kor medvite er du på ditt eige kroppsspråk i ulike situasjonar?

Spørsmål til episoden

Sjå episoden av Kroppsspråk, og bruk spørsmåla under til refleksjon og diskusjon.

  • Kva er det som gjer at deltakarane ikkje greier å kommunisere på ein god måte?

  • Korleis reagerer deltakarane på kommunikasjonen til romkameratane?

  • Kva seier deltakarane om sin eigen kommunikasjon?

  • Når deltakarane går gjennom opptaka med eksperten, ser dei sitt eige kroppsspråk utanfrå. Kva er det eksperten peikar på hos dei ulike deltakarane, og kva verktøy får dei?

  • Gi døme på samspelet mellom verbale og ikkje-verbale uttrykksformer hos deltakarane før og etter at dei fekk råd og tips frå eksperten.

  • Eksperten på kroppsspråk seier: "Du har eit grunnleggande kroppsspråk, men du kan bli klar over når du skal justere deg. Men vi tenker så fælt på kva vi skal seie, at vi gløymer kroppen." Har du opplevd dette sjølv, eller har du døme på situasjonar der du har observert dette? Korleis påverka det kommunikasjonen?

  • Var det noko i episoden som du syntest var spesielt interessant? Gi døme og forklar kvifor.

  • Vel ut tre tips eller råd frå episoden som du meiner kan vere nyttig i din eigen kommunikasjon. Samanlikn gjerne i klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2022

Læringsressursar

Språk- og samtaleanalyse